LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i framandspråksdidaktikk

Søknadsfrist: 20.02.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det humanistiske fakultet består av fire institutt og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i framandspråksdidaktikk

Velkomen som søkjar til ei ledig stipendiatstilling i framandspråksdidaktikk ved Institutt for framandspråk (IF) med planlagd start 1. august 2024, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.

Institutt for framandspråk har ni ulike språkfag: arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, tysk og spansk språk og latinamerikastudium. Dei tilsette underviser og forskar innan disiplinane språk og lingvistikk, litteratur, kulturkunnskap og fagdidaktikk. Instituttet har rundt 60 fast vitskapleg tilsette, kring 20 stipendiatar og postdoktorar og elleve administrativt tilsette.

Stillinga er knytt til instituttet si satsing på forskargrupper. Utlysinga er open for prosjekt innanfor forskingsfeltet til dei to forskargruppene Med fleirspråklegheit i tankane (MoMM) eller Post-Truth English Teaching (POTENT). 

 Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

  • Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan eit fagområde som er relevant for ph.d.-prosjektet. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før søknadsfristen går ut. Søkjarar som ikkje har norsk mastergrad, blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) og opptakskrava for ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.

Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, sjå pkt. 2.1 i ph.d.-programmet.  

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane og framdriftsplanen for prosjektet. Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane, vil det bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.

Om stipendiatstillinga:

Stipendiatstillingar har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing.

Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved UiB, kan ikkje søkje. Ein søkjar som tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling ved ein annan institusjon, kan bli tilsett i avkorta periode.

Tilsetjing i stipendiatstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Institutt for framandspråk, og rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Om forskarutdanninga

Stipendiatar skal delta i Det humanistiske fakultetet sitt ph.d.-program. Programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, krav til årleg framdriftsrapportering og godkjent midtvegsevaluering. Trykk her for meir informasjon om innhaldet i ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn tilsvarande lønssteg 54 (kode 1017) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei bruttoårsløn på 532 200,-. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet. Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • Prosjektomtale på inntil 5 sider/12.000 teikn medrekna mellomrom (litteraturliste ikkje medrekna). Omtalen skal òg indikere kva forskargruppe prosjektet passar inn i. 
  • Litteraturliste for prosjektomtalen.
  • Framdriftsplan for prosjektet.
  • CV.
  • Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar (publikasjonsliste).
  • Eventuelle publikasjonar (inntil 30 sider).
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje er oppgitt i karakterutskrifta eller vitnemålet for mastergraden, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som spesifiserer omfanget av oppgåva i ECTS.
  • Eit kort samandrag av masteroppgåve/hovudfagsoppgåva (inntil 3 sider).
  • Relevante attestar.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar. Ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Martin Paulsen på e-post m.paulsen@uib.no eller telefon +47 55 58 23 86, eller til 
  • Forskingskoordinator Laura Saetveit Miles på e-post laura.miles@uib.no eller telefon +47 55 58 22 88

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsetjingsprosessen her.

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosedyren skal rettast til fakadm@hf.uib.no

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS