LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

Serviceanalytikar til IT-avdelinga si førsteline

Søknadsfrist: 05.12.2021

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 2.000 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha ein innovativ og internasjonal profil og vere ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.


I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar.

Stavangerregionen har ein dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.

Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfte blikket, og våge å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.

Om stillinga

Er du glad i menneske og har gode IT-kunnskapar? Vil du bidra til at Universitetet i Stavanger når måla sine? Får du energi av å hjelpe andre å bli gode? Då vil vi gjerne at du søker stillinga hos oss.

Universitetet i Stavanger har ledig stilling som serviceanalytikar ved IT-avdelinga si servicedesk. Servicedesken er førsteline og felles kontaktpunkt for studentar og tilsette.

Den som blir tilsett vil ha ansvar for brukarstøtte, og vedlikehald og utvikling av informasjon til tilsette og studentar. Du vil gje generell brukarstøtte, men ha eit ekstra ansvar for området audio-visuelt (AV) utstyr og system for digital samhandling.

Seksjonsleiar for kundestøtte er nærmaste leiar for serviceanalytikar.

Hovudoppgåver

  • gi generell brukarstøtte via e-post, telefon, oppmøte i skranke og fjernstyring
  • foreta mottak og handtering av bestillingar
  • gi brukarstøtte på utskrift, audiovisuelle tenester og samhandlingstenester, også ved oppmøte ute hos brukaren
  • gje opplæring/vegleiing til brukarane
  • utføre vedlikehald og feilrettingar på UiS sin maskinvare og system

Kvalifikasjonar

Den som blir tilsett må ha:

  • relevant utdanning, fortrinnsvis på bachelornivå. Særskilt relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • relevant erfaring
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Det er ønskeleg at den som blir tilsett og har erfaring med:

  • Windows operativsystem, Mac OS, iOS, Android og Microsoft365
  • Crestron, Zoom, Teams, Panopto
  • Active Directory, Intune
  • ServiceNow
  • Fjernstyrings-verktøy, vi nyttar Bomgar og Dameware
  • ITIL rammeverket

Vidare blir det lagt vekt på at du:

  • er serviceinnstilt, fleksibel og imøtekommande
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • er ein lagspelar, og arbeider effektivt og strukturert
  • kan arbeide etter fastlagde rutinar og prosedyrar
  • er proaktiv, resultatorientert og tar ansvar for gjennomføring av gode arbeidsprosessar
  • tar initiativ, og bidrar til innovasjon og utvikling av system og driftsformer

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • ein ambisiøs arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • løn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.301, kode 1085, kr 450 000 - 550 000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare løn bli vurdert. Frå løna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om gode for tilsette og fordelar på våre nettsider

Mangfald

Universitetet sine verdiar er å vere uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega dei fysiske og digitale læringsmiljøa våre, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utafor arbeidslivet ein periode.

Universitetet vil rekruttera fleire kvinner til avdelinga og oppmodar derfor spesielt kvinner til å søke. Dersom fleire søkjarar vert vurdert til å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil ei kvinne bli prioritert føre ein mann.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

  • Seksjonsleiar for brukarstøtte Nils-Arne Midtun, tlf: +47 51 83 10 76, e-post: nils-arne.midtun@uis.no eller
  • IT-direktør Sjur Martin Bjerke, tlf.:+47 51 82 35 50, e-post: sjur.bjerke@uis.no

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-rådgjevar Annette Falch Lothe, tlf: 51 83 13 61, e-post: annette.f.lothe@uis.no.

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.

UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS