LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

Stipendiat i arkeologi - skipsteknologi i jernalder og vikingtid

Søknadsfrist: 30.04.2021

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12.000 studentar og 1.800 tilsette. Vi er einaste norske medlem av European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet skal vere ei drivkraft i regionen si kunnskapsutvikling og eit internasjonalt forskingsuniversitet med vekt på nyskaping og innovasjon.Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.


Arkeologisk museum er eit tverrfagleg museum med oppgåver innanfor forsking, formidling, fornminnevern, konservering samt dokumentasjon og samling. Muséet har eit vitskapleg personale med forskarar innanfor arkeologi, konservering, ulike naturfag og nyare tids kulturhistorie. Det museumsfaglege personalet dekkjer fleire felt innanfor konservering, laboratorium, fototenester, arkiv og vitskaplege samlingar, forvaltningsoppgåver gjeve i Lov om kulturminne, utstillingsproduksjon, grafisk formgiving, skuleteneste, publikumstilbod og utleigeverksemd. Muséet driv eit forlag med to seriar som er poenggivande i CRIStin. Muséet har i dag 75 fast tilsette fordelt på fire fagavdelingar og ein administrasjon.

Om stillinga

Universitetet i Stavanger har ledig treårig stilling som stipendiat i arkeologi ved Arkeologisk museum.

Dette er ei utdanningsstilling som i hovudsak skal gi lovande forskarar høve til fagleg utvikling. Stillinga har forskarutdanning fram til doktorgrad som mål.

PhD prosjektet skal levere viktige bidrag til forskinga på båt- og skipsteknologi i jernalder og vikingtid, og knyte maritim-teknologisk innovasjon i Rogaland opp mot geopolitiske tilhøve. Prosjektet inngår i forskingsprosjektet «Maktens havn» (www.maktenshavn.no). Skipa frå Storhaug og Grønhaug er eit nøkkelmateriale for å forstå utviklinga av skipsteknologien som var ein føresetnad for vikingtida. Ved å handsame skipa saman med andre båtdelar frå myrdepot og gravfunn i Rogaland, kan ein undersøkje hypotesen om at regionen var eit viktig knutepunkt for innovasjon i maritim teknologi. Det regionale materialet må setjast inn i ei internasjonal ramme og samanliknast med båtfunn frå inn- og utland.

For å auke kunnskapen om funnkategoriar som det til no har vore forska lite på i Rogaland, skal PhD-prosjektet gi ei oppdatert oversikt over båtdelar frå regionen. Dette inneberer mellom anna å ny-dokumentere båtdelar både ved tekst og ved bruk av 3D-skannar, legge fram sannsynlege rekonstruksjonar, samt å få datert utvalde båtdelar. Arbeidet krev erfaring med forsking på arkeologiske båtdelar og gode kunnskapar om 3D-dokumentasjon. Sidan eksisterande dokumentasjon og kontekstinformasjon berre finst på norsk, må den som vert tilsett forstå skandinaviske språk.

Prosjektskisse

Som søkar må du levera ei førebels prosjektskisse som formulerer aktuelle vitskaplege problemstillingar forankra i relevant metode og teori, orientert mot utvikling og innovasjon i maritim teknologi og mot geopolitiske tilhøve i vikingtid. Skissa vil inngå i kompetansevurderinga. I løpet av dei tre første månadane av tilsettingsperioden vil skissa bli utvikla vidare i samarbeid med rettleiarane og utforma til den endelege prosjektskildringa. Mal for prosjektskisse finn du her.

Kvalifikasjonskrav

Du må ha ein sterk fagleg bakgrunn med femårig master (3+2) innanfor arkeologi eller tilsvarende utdanning som gir grunnlag for å gjennomføra ei forskerutdanning, fortrinnsvis av nyare dato.

Dersom karakteren din på masteroppgåva og vekta gjennomsnittskarakter på masterstudiet begge kvar for seg svarer til B eller bedre, er du den vi søker etter. Avsluttar du utdanninga di våren 2021 er du óg velkommen til å søke.

Dersom du har ei utdanning frå ein institusjon med annan karakterskala enn A-F ber vi deg om å legge ved ein stadfesta konverteringsskala som viser korleis karakterane kan samanliknast med den norske A-F skalaen. Du kan bruke disse konverteringsskalaene til å beregne poengene dine for opptak.

Videre legges det vekt på at du:

  • er motivert, har potensial for forsking innanfor fagfeltet
  • har faglege og personlege forutsetjingar for å gjennomføre doktorgradsutdanninga innan tilsettingsperioden
  • kan arbeide sjølvstendig og i eit fellesskap, vere nytenkande og kreativ
  • er strukturert og har stor arbeidskapasitet
  • har gode ferdigheiter i engelsk, både skriftleg og munnleg.

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor, spennande og samfunnsviktig organisasjon
  • eit ambisiøst arbeidsfellesskap og eit inkluderende arbeidsmiljø
  • lønn etter Statens lønnsregulativ l.pl 17.515, kode 1017, kr 482.200 bto per år med lønnsutvikling etter ansiennitet i stillinga. Frå lønna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • mer om ansattgoder og fordeler på uis.no

Mangfald

Universitetet sine verdiar er å vera uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i vårt arbeids- og læringsmiljø, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega våre fysiske og digitale læringsmiljø, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utanfor arbeidslivet ein periode.

Universitetet vil rekruttere fleire kvinner til stipendiatstillingar innanfor fagområdet. Dersom fleire søkjarar blir vurdert til å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil ei kvinne bli prioritert føre ein mann.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til Professor og forskingsleiar Kristin Armstrong Oma, tlf: +4751832601, e-post: kristin.a.oma@uis.no og spørsmål om prosjektet kan rettast til førsteamanuensis Håkon Reiersen, tlf +4751832588, epost håkon.reiersen@uis.no.

Opplysninger om tilsetjingsprosessen kan rettast til teamleiar rekruttering May Merete Tjessem Opdal, tlf +4751833011, e-post: may-m.t.opdal@uis.no.

Søknad

Søk stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her ber vi deg om å registrere minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkevner. I søknadsbrevet må du få fram forskingsinteressene og motivasjonen din for stillinga.

Følgjande blir lasta opp som vedlegg til søknaden:

  • prosjektskisse
  • CV med fullstendig oversikt over utdanning og erfaring
  • publikasjonar eller anna relevant forskingsarbeid
  • vitnemål og attestar samt dokumentasjon på annan aktivitet som vurderes relevant

Vi gjer merksame på at søknaden berre vert vurdert ut frå informasjon som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden din tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kriteria som det er skreve om over.

Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman må dei komprimerast før opplasting. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan verta offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å verta oppført på offentleg søkjarlist, jf offentleglova § 25.

UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.

Generell informasjon

Tilsetjinga blir gjennomført etter prinsippa i statsansatteloven, og lovverk som regulerer eksport av kunnskap, teknologi og tenester.

Tilsetjing som stipendiat er regulert i Forskrift om tilsetjingsvilkår for stillingar som postdoktor, stipendiat, vitskapleg assistent dessutan spesialistkandidat.

Kompetansen din for stillinga, ut frå utdanning og prosjektskisse registrert i Jobbnorge, vil bli vurdert av ein intern komite. På bakgrunn av fråsegna frå komiteen vil aktuelle søkarar bli inviterte til intervju. Det vil òg bli innhenta referansar for aktuelle kandidater. Meir om tilsetjingsprosessen på nettsidene våre.

Studiet vert i hovudsak gjennomført ved Universitetet i Stavanger, med unntak av eit avtalt opphald i utlandet ved eit anerkjent, relevant forskingsmiljø.

Det er en føresetnad at den som vert tilsett buset seg slik at vedkommande kan vere til stades ved, og tilgjengeleg for fagmiljøet på arbeidsplassen i ordinær arbeidstid.

Stillinga er kunngjort på både norsk og engelsk. Ved meiningsforskjell mellom tekstane skal den norske teksten leggast til grunn.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS