Ledig stilling på Universitetet i Stavanger

Rådgjevar innanfor finansering av internasjonale utdanningsprosjekt

Søknadsfrist: 20.09.2020

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 1 800 tilsette. Vi er medlem av European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha en innovativ og internasjonal profil og vere ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet.


Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.

Om stillinga

Universitetet i Stavanger har ledig stilling som seniorrådgjevar innanfor internasjonalt samarbeid ved Utdanningsavdelinga, Internasjonalt kontor. Kontoret utfører støttetenester til internasjonalisering av utdanningsverksemda ved universitetet.

UiS har ambisjon om å auka deltakinga si i internasjonale utdanningsprogram og det globale kunnskapsfellesskapet for å heve kvaliteten og relevansen av våre utdanningsprogram ytterlegare. Samtidig har vi som målsetjing å auka det økonomiske handlingsrommet for å nå dei strategiske måla våre. Rådgjevaren skal i denne samanheng bidra til å leggja til rette for auka ekstern finansiering til internasjonalt utdanningssamarbeid og mobilitet ved UiS.

Hovudoppgåver

  • Mobilisere tilsette og fagmiljø til å levere fleire prosjektsøknader om ekstern finansiering
  • Optimalisera søknadsprosessen for fagmiljøa og forbetra søknader
  • Informasjon og rettleiing om samarbeidsprogram, nye finansieringskjelder og betre utnytting av eksisterande finansieringskjelder
  • Utvikling og forvaltning av internasjonale samarbeidsprogram og -prosjekt
  • Kompetansebygging og intern opplæring

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett må ha:

  • høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå
  • minimum 5 års relevant erfaring
  • kjennskap til nasjonal og europeisk utdanningspolitikk, samt eksterne finansieringskjelder for samarbeid (EU, Diku, Norad etc)
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • god digital kompetanse

Vidare blir det lagt vekt på at den som vert tilsett:

  • samarbeider godt med andre, deler kunnskap, erfaring og informasjon
  • er sjølvstendig, initiativrik og utviklingsorientert, tar ansvar og har gode gjennomføringsevner
  • har gode kommunikasjonsevner
  • har erfaring i prosjektutvikling, søknadsprosessar og å skrive søknadar, spesielt innfor EU-finansiering
  • har arbeidserfaring frå høgare utdanningssektor

Mangfald

Universitetet sine verdiar er å vera uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i vårt arbeids- og læringsmiljø, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega våre fysiske og digitale læringsmiljø, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utanfor arbeidslivet ein periode.

Universitetet i Stavanger vil tilsette fleire menn ved Internasjonalt kontor og oppmodar derfor spesielt menn til å søke.

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i en stor, spennande og samfunnsviktig organisasjon
  • eit ambisiøst arbeidsfelleskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • lønn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.500, kode 1334, kr 550.000-650.000,- bto pr år. I særskilt tilfelle kan høgare lønn og tittel som seniorrådgjevar vurderast.
  • gunstige vilkår i Statens pensjonskasse
  • meir om godar for tilsette og fordelar på uis.no

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-konsulent Annette Falch Lothe, tlf.: 51 83 13 61, e-post: [email protected]

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert søknad og CV med relevant utdanning og arbeidserfaring registrert.

Relevante vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til skal lastast opp som vedlegg til søknaden. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman må dei komprimerast før opplasting. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Opplysningar og dokumentasjon som det skal tas omsyn til ved vurdering må vere registrert i JobbNorge innan utløpet av søknadsfristen.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan verta offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å verta oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25.

UiS vurderer bare søknadar og vedlegg som er registrert i JobbNorge.

Søk stillinga