LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

Prosjektrådgjevar - Økonomiavdelinga

Søknadsfrist: 15.01.2021

Om stillinga

Universitetet i Stavanger søker etter prosjektrådgjevar ved Økonomiavdelinga, Seksjon for prosjektøkonomi.

Den som vert tilsett skal ivareta økonomistyring - oppfølging og intern kontroll knytt til universitetets eksternt finansierte verksemd (BOA). Vedkommande skal også støtte og rådgje fageiningane innanfor økonomiforvaltning om eksternt finansiert verksmed, hovudsakeleg innanfor EU/EØS prosjekt.

Hovudoppgåver

  • rekneskap-, budsjett og prosjektoppfølging
  • opplæring av prosjektleiarar og einingsleiarar innanfor økonomiområdet
  • intern kontroll relatert til korrekt behandling av prosjekter
  • støtte og rådgje fageiningane, halda kontakt med fageiningar, prosjektleiarar og eksterne bidragsytarar
  • bidra ved interne og eksterne rapporteringar
  • utarbeide oversiktar, rapportar og prognosar til prosjektleiarar og fageiningar
  • delta og bidra til utvikling og vedlikehald av interne rutinar, retningslinjer og system, kontraktar og avtaler knytte til BOA (kvalitetssikring økonomiske forhald)
  • gjennomføra og bidra i oppstartsmøter
  • rådgjeving og budsjettering ifb med søknadsarbeid mot ulike finansieringskjelder
  • prosjektfakturering og konteringskontroll
  • timeføring via prosjektmodul
  • delta i ulike institusjonelle og nasjonale utviklingsoppgåver

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett må ha:

  • høgare økonomisk utdanning, fortrinnsvis på masternivå, innanfor økonomi/rekneskap eller tilsvarande. Særskilt relevant erfaring kan kompensera for utdanningskravet.
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller eit anna skandinavisk språk

Vedkommande bør ha erfaring frå:

  • prosjektøkonomiarbeid, kjennskap til EU/EØS prosjekter er ein fordel
  • offentleg økonomiforvaltning i universitet- og høgskolesektoren
  • bruk av Unit4ERP (tidl Agresso/UBW) og ha generelt gode IKT-kunnskapar

Vidare blir det lagt vekt på at den som vert tilsett:

  • er serviceinnstilt, fleksibel og imøtekommande
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • er sjølvstendig, effektiv og strukturert
  • er proaktiv, resultatorientert og tar ansvar for gjennomføring av gode arbeidsprosessar
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på engelsk

Mangfald

Universitetet sine verdiar er å vera uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i vårt arbeids- og læringsmiljø, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega våre fysiske og digitale læringsmiljø, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utanfor arbeidslivet ein periode.

Vi ønsker fleire menn til økonomiavdelinga og oppfordrar derfor spesielt menn til å søka.

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i en stor, spennande og samfunnsviktig organisasjon
  • eit ambisiøst arbeidsfellesskap og et inkluderande arbeidsmiljø
  • lønn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.500, kode 1434, kr 545 300 - 586 500 bto pr år. I særskilt tilfelle kan høgare lønn verta vurdert.
  • gunstige vilkår i Statens pensjonskasse
  • meir om godar for tilsette og fordelar på uis.no

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-konsulent Annette Falch Lothe, tlf: 51 83 13 61, e-post: [email protected]

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert søknad og CV med relevant utdanning og arbeidserfaring registrert.

Relevante vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til skal lastast opp som vedlegg til søknaden. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman må dei komprimerast før opplasting. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Opplysningar og dokumentasjon som det skal tas omsyn til ved vurdering må vere registrert i Jobbnorge innan utløpet av søknadsfristen.

Vi gjer merksame på at søknaden berre vert vurdert ut frå informasjon som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden din tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kriteria som det er skreve om over.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan verta offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å verta oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25.

UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS