LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

HR-rådgjevar rekruttering - HR-avdelinga

Søknadsfrist: 21.09.2021

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 1.900 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha en innovativ og internasjonal profil og vera ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.


I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar. Stavangerregionen har et dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.

Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfta blikket, og våga å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.

Om stillinga

Universitetet i Stavanger har ledig ei fast stilling og eit ettårig vikariat som rådgjevar ved HR-avdelinga frå 1. januar 2022.

Dei som vert tilsett skal hovudsakleg ivareta oppgåver innanfor rekruttering, men det kan òg bli aktuelt å ivareta andre HR oppgåver. Stillingane inngår i avdelinga sitt rekrutteringsteam som støtter universitetets leiarar med tilsetting av nye medarbeidarar. HR-direktør er næraste leiar for rådgjevarane.

Hovudoppgåver

  • rekruttering av nye medarbeidarar, frå stillingsanalyse til tilsetting
  • førebu saker til tilsettingsorgan og sørga for at vedtak blir følgde opp raskt og effektivt
  • yta god service overfor kandidatar som søker seg til universitetet
  • samarbeide med vårt EMC, EURAXESS Mobility Centre, om mottak av utenlandske arbeidstakarar
  • bemanningsplanlegging
  • arbeide for kvalitet i alle ledd i rekrutteringsprosessen
  • vidareutvikle HR-prosessar
  • førebu saker til styret innanfor ansvarsområde
  • oppdatere informasjon innanfor ansvarsområde på ulike nettsider

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • relevant høgare utdanning, fortrinnsvis mastergrad
  • relevant erfaring, gjerne frå offentleg forvaltning
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Vidare blir det lagt vekt på at du:

  • har erfaring med bruk av testverktøy ved rekruttering, fortrinnsvis AON (tidlegare cut-e)
  • er strukturert og i stand til å handtere fleire parallelle prosessar utan å miste blikket for detaljar
  • er proaktiv og tar ansvar for gjennomføring av gode arbeidsprosessar
  • er sjølvstendig, serviceinnstilt og imøtekommande
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • ein ambisiøs arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • løn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.500, kode 1434, kr 516.000 - 600.000. bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare løn bli vurdert. Frå løna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om gode for tilsette og fordelar på våre nettsider

Mangfald

Universitetet sine verdiar er å vere uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega dei fysiske og digitale læringsmiljøa våre, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utafor arbeidslivet ein periode.

Universitetet vil rekruttera fleire menn til avdelinga og oppmodar derfor spesielt menn til å søke. Dersom fleire søkjarar vert vurdert til å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil ein mann bli prioritert føre ei kvinne.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

  • HR-dirketør Halfdan Hagen, tlf: 51 83 30 08 / 905 69 522, e-post: [email protected] eller til
  • Teamleder rekruttering May Merete Tjessem Opdal, tlf 51 83 30 11 / 402 39 696, e-post: [email protected]

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-konsulent Annette Falch Lothe, tlf: 51 83 13 61, e-post: [email protected]

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga og om du søkjer både fast stilling og vikariat.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.

UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS