LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER
HR-rådgivar innanfor leiar- og kompetanseutvikling
Søknadsfrist: 10.07.2022

Om stillinga
Universitetet i Stavanger har ledig vikariat som HR-rådgivar innanfor leiar- og kompetanseutvikling ved HR-avdelinga frå 1. september 2022 til og med 30. september 2023, med moglegheit for forlenging.
Avdelinga består av omlag 30 medarbeidarar som støtter organisasjonen i strategisk HR-arbeid og HR-relaterte prosessar. HR-direktør ernæraste leiar for tilsette i avdelinga. Vikariatet inngår i avdelinga sitt team for kompetanse- og leiarutvikling. Den som vert tilsett skal være en proaktiv samarbeidspartner for universitetets leiarar innanfor kompetanseutvikling og mangfaldsarbeid.
Har du kompetanse innanfor leiarutvikling og HR, og kan sjå deg sjølv i rolla som uredd og initiativrik HR-rådgivar, som driv utviklingsprosessar og medarbeidarundersøking i samarbeid med teamet ditt? Da er du den vi søker etter. Du vil jobba tett saman med kollegaer i HR-avdelinga og universitetet sine leier om å skape dei beste rammar for utvikling av både leiarar og tilsette.
Hovudoppgåver
- gi leiarar støtte i leiarrolla
- vurdere og setje i verk leiarutviklingstiltak
- delta i arbeidet med gjennomføring og oppfølging av medarbeidarundersøkingar
- gi leiarstøtte i forhold til tema som er viktig for å utvikle velfungerande arbeidsmiljø
- utvikle og gjennomføre tiltak som bygger opp om kultur- og verdibygging
- planlegge og gjennomføre introduksjons- og opplæringsprogram for nytilsette
- vurdere og setje i verk kompetanseutviklingstiltak for tilsette i alle stillingskategoriar
- utarbeide styresaker, kursinnhold og prosedyrar innanfor ansvarsområde
- arbeid for likestilling - mangfald, oppgåver, prosjekt, handlingsplanar og rapportering
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- relevant utdanning på masternivå, betydeleg relevant erfaring frå HR kan kompensere for utdanningskravet
- relevant erfaring innan leiarutvikling, strategisk HR, kursverksemd eller liknande
- god munnleg og skriftleg presentasjons- og framstillingsevne på norsk og engelsk
Vidare blir det lagt vekt på at du:
- er kreativ, initiativrik og tar ansvar for gjennomføring av gode arbeidsprosessar
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- er sjølvstendig, effektiv og strukturert
Vi tilbyr
- varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
- ein ambisiøs arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
- lønn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.500, kode 1434, kr 526.000 - 626.000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare lønn bli vurdert. Frå lønna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
- medlemsskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
- meir om gode for tilsette og fordelar på våre nettsider
Mangfald
Universitetet sine verdiar er å vere uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega dei fysiske og digitale læringsmiljøa våre, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.
Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utafor arbeidslivet ein periode.
Universitetet vil rekruttera fleire menn til avdelinga og oppmodar derfor spesielt menn til å søke. Dersom fleire søkjarar vert vurdert til å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil ein mann bli prioritert føre ei kvinne.
Her kan du lese meir om mangfaldsrekruttering og korleis vi behandlar søknader.
Kontaktinformasjon
Spørsmål om stillinga kan rettast til:
- HR-direktør Halfdan Hagen, tlf 51 83 30 09, e-post [email protected] eller til
- Organisasjonspsykolog Gunhild Bjaalid, tlf 51 83 15 15, e-post: [email protected]
Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-konsulent Christina Storm, tlf: 51 83 17 53 e-post: [email protected]
Søknad
Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.
Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.
Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.
Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.
UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.