LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Utviklar (rådgjevar, fast stilling) - HR-avdelinga

Søknadsfrist: 08.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om HR-avdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Utviklar (rådgjevar, fast stilling)

I faggruppa for dokumentasjons- og systemforvaltning i HR-avdelinga er det ledig ei fast stilling som rådgjevar. Faggruppa forvaltar løysingar for at verksemda kan dekke administrative dokumentasjonsbehov, ivareta arkivansvaret, føre journal og behandle krav om innsyn: eit sakarkivsystem, ei skjemaløysing og arkivintegrasjonar.

Vi kartlegg prosessar og finn løysingar som skal sikre god dokumentfangst. Det kan vere å utarbeide nye rutinar, å gi brukarar opplæring og rettleiing eller å utvikle arkivintegrasjonar som forenklar eller automatiserer dokumentfangsten.

Det er ofte vi som må ta initiativet, finne løysingar og sørgje for at dei bli satt i verk. Det krev god forståing for arbeidsprosessar. Vi må føresjå kva for utfordringar endringar fører til – og vi må sjølv skape endringar.

Som utviklar vil du delta i arbeidet med på å forme prosessane og planleggje, utvikle og iverksette brukarvenlege løysingar som sikrar til dømes dokumentfangst. Du vil arbeide i team med kollegaar og få opplæring i systema vi jobbar med, og i dokumentasjonsforvaltning.

UiB går ei spanande tid i møte. Samarbeidet i universitets- og høgskulesektoren blir stadig tettare. I løpet av dei neste åra tar institusjonane i bruk eit felles sakarkivsystem i samarbeidet mellom dei fire store bredde-universiteta (i Bergen, Oslo, Trondheim og Tromsø). Innføring av andre felles system fører til at ei rekkje prosessar blir standardisert og delvis automatisert. Her speler løysingar for dokumentfangst ei sentral rolle.

Arbeidsoppgåver:

  • Planlegge og utvikle tekniske løysingar
  • Delta i vidareutvikling og forvalting av arkivtenestene for å forbetre dokumentfangsten og gjere kvardagen til brukarane enklare
  • Tverrfagleg arbeid med prosessforbetring, systemutvikling, medrekna integrasjonar for automatisk dokumentfangst
  • Produsere uttrekk av databasar for langtidsbevaring
  • Delta i daglege driftsoppgåver ved behov

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Utdanning på minimum bachelornivå, fortrinnsvis innan informatikk/informasjonsvitskap, arkiv/dokumentasjonsforvalting eller informasjonsforvalting. Relevant erfaring kan i særskilde tilfelle kompensere for utdanningskravet.
  • Erfaring med programmering
  • Motivasjon for å forbetre prosessar og å skape gode tenester
  • Kjennskap til relasjonsdatabasardatabasar (SQL), til datautvekslingsformat (XML/JSON) og/eller API-ar er føremonar
  • Kjennskap til arkiv og handsaming av digital informasjon er ein føremon

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig, strukturert og kvalitetsbevisst
  • Serviceinnstilt, fleksibel, og gode samarbeidsevner.
  • Oppteken av å finne gode løysingar og med god arbeidskapasitet
  • Likar å jobbe med ny teknologi og tileigne seg ny kunnskap

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 60–67 (for tida kr 543 500 – 615 800) i det statlege lønsregulativet. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Arkivleiar Terje Askvik (tlf. 55 58 34 81, Terje.Askvik@uib.no) eller
  • Koordinator for digitalisering Per Christian Gaustad (tlf. 55 58 34 85, per.gaustad@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS