LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Systemkoordinator ved Studieavdelinga

Søknadsfrist: 15.09.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om studieadministrativ avdeling her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Systemkoordinator ved Studieavdelinga

Studieavdelinga ved Universitetet i Bergen (UiB) søkjer etter systemkoordinator i fast 100% stilling som rådgjevar. Stillinga ligg til stab ved avdelinga.Studieavdelinga er ei av i alt sju avdelingar i sentraladministrasjonen.

Avdelinga skal bidra til at fakulteta og UiB løyser samfunnsoppdraget innan forsking, utdanning og formidling.

Studieavdelinga har ansvar for strategiske støttefunksjonar for fagleg leiing, kvalitetssikring av studia, internasjonal studentmobilitet og digitale tenester til studentar og tilsette.

Om stillinga:

Studieavdelinga har ansvar for ei rekkje studentretta system og teneste. Rolla som systemkoordinator er ein fellesfunksjon ved avdelinga, og skal leggje til rette for at forvaltninga av systema skjer sikkert, heilskapleg og forsvarleg, og at tenestene møter brukarane sine behov.

Oppgåvene for systemkoordinator er kontroll, tilrettelegging og sørvis knytt til etterleving av krav og forventningar som blir stilt til systema. Systemkoordinatoren er og leiar for Studieavdelinga sitt systemeigarforum, som har eit felles ansvar for avdelinga sitt vegkart for langsiktig utvikling og forvaltning. Ein stor del av denne oppgåva dreier seg om å foreslå prioriteringar for drift og vidareutvikling av system og tenester. Dette arbeidet skjer i tett samarbeid med IT-avdelinga si produktgruppe for digitalt læringsmiljø, med UiB læringslab og med leiinga på Studieavdelinga.

Stillinga inneber samarbeid med sentral systemkoordinator ved UiB når det gjeld porteføljestyring av IT-system og prosjekt, med personvernombodet ved UiB og med UiB si ansvarleg for informasjonstryggleik.

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for at porteføljen av lærings- og studentretta system blir forvalta og utvikla heilskapleg og utifrå brukarane sine behov, UiB sine strategiar og nasjonale krav.
  • Koordinere utviklingsarbeid med avdelinga si forvaltningsmodell og sitt vegkart, i samråd med IT-avdelinga, UiB læringslab og leiinga av avdelinga.
  • Koordinere og sikre etterleving av krav til informasjonstryggleik og personvern i systemporteføljen, leggje til rette for risikoanalysar og sikre god oppfølging av desse
  • Hjelpe i overlevering av nye tenester frå prosjekt til drift
  • Bidra i avdelinga sitt arbeid med internkontroll, mellom anna årleg verksemds-ROS
  • Delta i digitaliserings – og forbetringsprosjekt på studiefeltet
  • Overordna ansvar for avdelinga sitt arbeid med prosessforbetring og forenkling på studieområdet
  • Halde oversikt over Studieavdelinga si system- og avtaleportefølje
  • Bidra til gevinstuttak ved endring eller etablering av tenester

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Den som blir tilsett i stillinga må ha relevant utdanning med minimum mastergrad. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.

Vi søkjer deg som:

  • Har god systemforståing, kunnskap om informasjonstryggleik og analytiske evner
  • Har evne til å sjå system og tenester i samanheng, sjå utviklingsbehov og til å foreslå prioriteringar
  • Samarbeider godt, er ein relasjonsbyggjar og legg til rette for tverrfagleg samarbeid og dialog
  • Har evne til å organisere komplekse oppgåver på ein strukturert måte
  • Er endringsvillig og tar initiativ

Det er ein føremon om du har:

  • Kjennskap til studieadministrative system og/eller læringsstøttesystem
  • Røynsle med systemkoordinering ved produktorganisering av IT-tenester
  • Røynsle med risikoanalysar
  • Røynsle frå prosjekt og utviklingsarbeid knytt til digitalisering
  • Kjennskap til tenesteinnovasjon og brukarnær utvikling av tenester
  • Røynsle med verksemdsarkitektur

Du må kunne bruke begge målformer og uttrykke deg godt skriftleg og munnleg på både norsk og engelsk. Personlege eigenskapar blir særleg vektlagt.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 70 - 75 (for tida kr. 650 300 - 715 900) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Avdelingsdirektør Christen Soleim, christen.soleim@uib.no, tlf 414 79 181 eller til
  • Underdirektør Torunn Valen, torunn.valen@uib.no, tlf 482 39 497

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde og må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS