Studierådgjevar (vikariat) ved Senter for vitskapsteori og Senter for kvinne- og kjønnsforsking
Søknadsfrist: 09.10.2024
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Studierådgjevar ved Senter for vitskapsteori og Senter for kvinne- og kjønnsforsking (vikar)
Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til eit vikariat i 100 % stilling som rådgjevar ved Senter for vitskapsteori (SVT) og Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK) frå 01.11.2024 til 01.11.2025. Forlenging av perioden kan bli aktuelt.
SKOK og SVT er samlokaliserte i Parkveien 9 og har felles administrasjon. Sentra har til saman nærare 40 tilsette og har eit breitt spekter av aktivitetar innan undervisning, forsking og formidling.
Den som blir tilsett har ei viktig rolle for masterprogrammet i berekraft og for administrativ oppfølging av forskerutdanninga ved sentra. Studierådgivaren vil vere ein sentral støttespelar i arbeidet med rekruttering av studentar og sikre at studentane gjennomfører sitt planlagde studium.
Arbeidsoppgåver
Studieadministrativ oppfølging av masterprogram i berekraft
Saksbehandling i studierelaterte saker
Timeplanlegging og eksamensadministrasjon
Studierettleiing
Informasjons- og formidlingsarbeid inkludert webinformasjon
Internasjonalisering og studentmobilitet
Sekretær for programstyret
Utdanningsfaglege utgreiingar knytt til etablering, evaluering, utvikling og kvalitetssikring av studieplanar og –emne
Oppfølgjing av studentar i praksis og kontakt med praksisvertar
Studieadministrativ oppfølging av forskarutdanninga ved sentra, inkl. oppfølging av eigne stipendiatar
Støtte til aktuelle forskings- og utviklingsprosjekt innan utdanning
Alle tilsette i administrasjonen vil, i tillegg til spesifikke funksjonar lagt til stillinga, måtte ta del i andre administrative oppgåver. Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Næraste overordna er administrasjonssjefen.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Mastergrad (lang relevant praksis kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning)
Det blir lagt vekt på relevant praksis, god administrativ it-kompetanse og kjennskap til det studieadministrative Felles studentsystem (FS)
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på både bokmål, nynorsk og engelsk.
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Strukturert og sjølvstendig,
Fleksibilitet og sørvisinnstilling
Evne til prioritering og orden i periodar med stort arbeidspress
Det vil bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr
Stilling som rådgivar (kode 1434 tilsvarande lønssteg 63 - 68 (for tida kr 615 700 – 667 700) i full stilling. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit spennande fagmiljø
Kompetanse- og karriereutvikling
Samarbeid gjennom nettverk
Fleksibel arbeidstid og gode velferdstilbod
Medlemskap i Statens Pensjonskasse som inneber ei god tenestepensjonsordning, og dessutan tilbod om bustadlån til gunstig rente og yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Administrasjonssjef Tone Lund-Olsen på telefon 55 58 33 12, eller ved epost tone.lund-olsen@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på den sida «SØK STILLINGEN». Kopi av vitnemål og attester og kontaktinformasjon til minst to referansar skal vedleggjas søknaden.