LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Rådgjevar ved UiB Videre (vikariat)

Søknadsfrist: 01.12.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om studieadministrativ avdeling her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar ved UiB Vidare

Universitetet i Bergen søkjer ein utadretta og oppsøkjande rådgjevar i arbeidet med livslang læring.Som tilbydar av framifrå forskingsbasert utdanning, er det ei sentral oppgåve å forvalte denne kunnskapen som del av vidareutdanningar for alle livsfasar.

Stillinga er plassert ved UiB Videre som er den sentrale eininga for livslang læring ved UiB, lokalisert i Media City Bergen, og er eit vikariat som gjeld ut 2023.

Arbeidsoppgåver:

  • Bidra til å utvikle nye vidareutdanningstilbod i samarbeid med fagmiljøa ved UiB og eksterne aktørar
  • Rådgjevaren vil ha utstrekt samarbeid med arbeids- og næringsliv i offentleg og privat sektor
  • Rådgjevaren skal rettleie fagmiljøa i korleis nye tilbod kan utviklast og etablere gode og berekraftige samarbeidsflater med eksterne aktørar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Høgre utdanning på masternivå. Relevant realkompetanse kombinert med relevant etter- og videreutdanning kan i noen tilfeller kompensere for utdanningskravet
  • Har allereie eit etablert nettverk innan arbeids- og næringsliv, og er god til både å skape, vedlikehalde og ta i bruk slike nettverk
  • Har kunnskap og erfaring med arbeidslivets eigenart og behov for kompetanse
  • Solid evne til å arbeide både sjølvstendig og samhandlingsorientert
  • Prosjektleiarerfaring med vekt på innovative løysingar, prosjekt- og porteføljestyring
  • Det er ein fordel om du har prosjektøkonomisk kunnskap og erfaring med anbods- og søknadsprosessar
  • Det krevst gode språkkunnskapar og god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg
  • God arbeidskapasitet, fleksibilitet, gjennomføringsevne, personleg dugleik og solide samarbeidsevner vil verta vektlagd

Vi kan tilby:

  • Ein stimulerande og utfordrande arbeidskvardag med høg grad av sjølvstende.
  • Å bidra til å utvikle UiB Videre som ei sentral eining ved UiB og realisere målsetjingane for livslang læring.
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) løn kr. 700 000 – 790 000) avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Fleksibel arbeidstidsordning. Noko reiseaktivitet må påreknast.
  • Gunstig pensjons- og forsikringsordning gjennom Statens pensjonskasse med mellom anna eit av marknadens billegaste bustadlån.
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Underdirektør Roald Valle (roald.valle@uib.no), telefon: +47 455 01 624

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS