Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Rådgjevar
Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til fast stilling som rådgjevar (økonomi) ved Det psykologiske fakultet. Stillinga er knytt til økonomi- og personalseksjonen ved fakultetsadministrasjonen som gir økonomitenester til heile fakultetet.
Fakultetet sine grunneiningar er lokalisert i sentrum og Årstadområdet/Alrek. Arbeidsstad for denne stillinga vil i hovudsak vere ved campus Årstad og i nært samarbeid med Institutt for klinisk psykologi (IKP) , Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL) og Institutt for biologisk og medisinsk psykologi (IBMP).
Arbeidsoppgåver:
• Bistå institutta på campus Årstad med økonomitenester
• Utarbeide årsbudsjett saman med instituttleiinga
• Oppfølging av budsjett gjennom året, med særleg vekt på dei eksterne prosjekta sin innverknad på instituttøkonomien
• Utarbeide jevnlege økonomirapportar til instituttråda
• Dagleg samarbeid med instituttleiing og forskarar ved institutta
• Oppgåver knytt til eksterne prosjekt i ulike fasar; søknads-, kontrakts-, drifts- og avslutningsfase• Koordinering og prosjektoppretting eksterne prosjekt
• Budsjettering og re-budsjettering eksterne prosjekt
• Rapportering eksterne prosjekt• Bidra til andre driftsoppgåver økonomiseksjonen har ansvar for
Utviklingsarbeid og fagleg oppdatering er ein naturleg del av stillinga. Stillinga sitt innhald kan verte endra som følgje av seksjonen og fakultetet sitt kontinuerlege utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha utdanning på masternivå med relevante fag i fagkrinsen. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og videreutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
God administrativ IT-kompetanse, særskilt innan Excel, er eit krav.
Erfaring frå prosjektøkonomi er ein føremon, og det er også ein føremon dersom erfaringa er frå universitets- og høgskulesektoren
Gode samarbeidsevner og evne til å formidle kunnskap
Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege ferdigheitar i norsk og engelsk.
Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta ansvar innan eige ansvarsområde
Evne til å være fleksibel og serviceinnstilt
Sans for kvalitet i arbeidet, prioriteringsevne og nøyaktighet vil bli vektlagt
Vi kan tilby:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 60 – 65 (for tida 543 500 - 594 300) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.