LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Rådgjevar for studiesaker og forskingsadministrasjon

Søknadsfrist: 15.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar

Ved Senter for vitskapsteori det ledig ei fast stilling som rådgjevar. Den som blir tilsett, skal arbeide på to av kjernefelta ved universitetet, nemleg utdanning og forsking. Startdato er 01.09. 2021 eller etter avtale.

Forskingsprofilen til SVT famnar breitt, med fokus på kritisk refleksjon over forholdet mellom vitskap og samfunn. Senteret leier og deltar i forskingsprosjekt som studerer etiske og samfunnsmessige sider ved vitskap og teknologi. Senteret tilbyr også enkeltemner på bachelornivå, Dannelsesemner, og koordinerer ein nyoppretta mastergrad i berekraft. Det tverrfaglege masterprogrammet har oppstart hausten 2021, og er eit samarbeid mellom fleire fakultet ved Universitetet i Bergen. Til den utlyste stillinga ligg det administrative ansvaret for oppfølging av masterprogrammet i nært samarbeid med programstyreleiaren. I tillegg er det lagt forskingsadministrative oppgåver til stillinga.

Les meir om SVT og masterprogrammet her.

Arbeidsoppgåver:

Om lag 70 % av stillinga vil gå med til studieadministrasjon knytt til det tverrfaglege masterprogrammet i berekraft:

  • Fagutvikling og fagoppfølging
  • Administrativ kontaktperson for masterprogrammet
  • Studieplanarbeid, kvalitetssikring og rutineutvikling
  • Studierettleiing, eksamensadministrasjon, rekrutterings- og informasjonsarbeid
  • Sekretær for programstyret og støtte for programstyreleiaren i drifta av programmet
  • Koordinator for praksisplassar
  • Internasjonalisering og studentmobilitet

Om lag 30 % av stillinga vil gå med til forskingsadministrativ støtte til ulike forskingsprosjekt ved senteret.

Aktuelle arbeidsoppgåver er:

  • Administrativ prosjektoppfølging
  • Kommunikasjon og formidling
  • Arrangement og prosjektarbeid

Den som blir tilsett må rekne med endringar i oppgåver og nye arbeidsfelt. Stillinga inngår i fellesadministrasjonen til dei samlokaliserte sentra Senter for vitskapsteori og Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK). Næraste overordna er administrasjonssjefen.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning på mastergradsnivå. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Relevant praksis frå administrasjon av høgare utdanning og/eller forsking vil bli vektlagd
  • Gode evner til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
  • God administrativ it-kompetanse. Kjennskap til studieadministrative system som Felles studentsystem (FS) er ei føremon
  • Erfaring frå styrearbeid er ei føremon
  • Kjennskap til og interesse for fagfelt relevant for masterprogrammet i berekraft vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Strukturert og sjølvstendig
  • Fleksibilitet og sørvisinnstilling
  • Evne til prioritering og orden i periodar med stort arbeidspress

Vi kan tilby:

  • Løn tilsvarande lønssteg 60-65, for tida 543 100 - 593 900 kr. brutto per år. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. Frå bruttoløna vert det trekt 2 % til pålagt medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit spennande fagmiljø
  • Kompetanse- og karriereutvikling
  • Samarbeid gjennom nettverk
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdstilbod
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse som inneber ei god tenestepensjonsordning, og dessutan tilbod om bustadlån til gunstig rente og yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Administrasjonssjef Tone Lund-Olsen på telefon 55 58 33 12, eller ved e-post tone.lund-olsen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på den sida «SØK STILLINGEN». Kopi av vitnemål og attester og kontaktinformasjon til minst to referansar skal leggast ved søknaden.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 15.08.2021

Søknaden skal merkast: 21/7395

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS