LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Rådgjevar - Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE)

Søknadsfrist: 25.04.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og t senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) er det ledig ei 100 % fast stilling som rådgjevar knytt til norskkursa frå 1.6.2021.

LLE er eitt av fire institutt ved Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen. Instituttet femner om faga litteraturvitskap, språkvitskap, norsk som andrespråk, nordisk språk og litteratur, norrøn filologi, kunsthistorie, klassisk filologi, teatervitskap og digital kultur og norskkurs for utanlandske studentar og tilsette. Det er om lag 80 vitskapeleg tilsette ved instituttet, 30 ph.d.-stipendiatar, 10 postdoktorar og 16 personar knytte til administrasjonen.

LLE tilbyr norskkurs på ulike nivå til ulike søkargrupper. I løpet av eit år vil om lag 1000-1200 kursdeltakarar gjennomføre kurs i spennet norsk som nybegynnar til akademisk skriving på norsk. Som ein del av eit aktivt og dynamisk arbeidsmiljø med 13 universitetslektorar/førsteamanuensar og to administrative medarbeidarar vil du vere med på å utvikle norskkursa vidare framover. Den nærmaste overordna er studieleiaren ved instituttet.

Er du ein person som likar detaljarbeid, koordineringsoppgåver og mykje studentkontakt? I denne stillinga har du hovudansvar for stort detaljarbeid og koordineringsoppgåver i tillegg til at du dagleg er i kontakt med studentane, som kjem frå veldig ulike bakgrunnar. Rådgjevaren har òg hovudansvar for samarbeidet med andre delar av universitetet, og for å halde dette samarbeidet i taumane. Personlege eigenskapar vil bli tungt vekta i tilsetjingsprosessen.

Arbeidsoppgåver:

  • Administrativt hovudansvar for norskkursa: opptak, planlegging og ressursbudsjettering av kurstilbod, informasjonsarbeid, studieplanarbeid, rettleiing, generell sakshandsaming, mottak av studentar og deltaking i faglege nettverk.
  • Rapportering og framstilling av studiedata
  • Tett samarbeid med fagkoordinator og faglærarane på norskkursa
  • Rutineutvikling
  • Koordinere samarbeid mellom instituttet, Det humanistiske fakultet, HR-avdelinga og Studieadministrativ avdeling.

Alle i administrasjonen vil, i tillegg til dei særskilte funksjonane som er lagde til stillingane deira, også måtte ta del i andre administrative oppgåver. Det kan verte aktuelt med nokre justeringar av arbeidsoppgåver og arbeidsfordeling.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar:

  • Mastergrad eller anna utdanning på tilsvarande nivå eller omfang
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk og bokmål, og gode engelskkunnskapar
  • God IT-kompetanse og helst erfaring med system som Felles Studentsystem og ePhorte
  • Erfaring med framstilling av tall og statistikk er ein føremon
  • Erfaring med studieadministrasjon, eksamensadministrasjon og undervisningsplanlegging er ein føremon
  • Relevant erfaring frå universitets- eller høgskulesystemet og offentleg forvalting er ein føremon

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Motivasjon og initiativrikdom
  • Fleksibilitet og sørvisinnstilling
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
  • Evne til prioritering og orden i fasar med stort arbeidspress

Vi kan tilby:

  • Eit godt og interessant arbeidsmiljø, utfordrande oppgåver og høve til utvikling og kompetanseheving
  • Løn tilsvarande lønssteg 59-64, for tida 525.600-575.200 kr. brutto per år. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. Frå bruttoløna vert det trekt 2 % til pålagt medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Studieleiar Signe Nilssen ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, telefon 55 58 88 23, e-post signe.nilssen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og hol i CV-en vert oppmoda om å søkje stillinga.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK STILLINGEN».

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknaden skal merkast: 21/4054

Søknadsfrist: 25.04.2021

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS