Prosjektkoordinator / prosjektøkonom - Det medisinske fakultet
Søknadsfrist: 04.06.2025
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Er du vår nye prosjektkoordinator med ansvar for prosjektøkonomi ved Det medisinske fakultet?
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Prosjektkoordinator (Rådgjevar)
Har du lyst til å ha fagansvar for ei gruppe av prosjektøkonomar, og utøve analyse, rådgjeving og administrativ støtte innan eksternfinansiert verksemd?
Vi har ledig ei spennande stilling som prosjektkoordinator / prosjektøkonom. I tillegg til ansvar for eiga prosjektportefølje vil du ha ansvaret for koordinering av den økonomiske oppfølginga av prosjektporteføljen på ca. 200 millionar kroner per år ved våre to kliniske institutt (Klinisk institutt 1 og Klinisk institutt 2). Som fagansvarleg for eit team av prosjektøkonomar vil du ha ansvar for korrekt ressursallokering til dei ulike prosjekta og korrekt rapportering av desse.
Vi ynskjer oss ein medarbeidar med god økonomiforståing, og med gode analytiske evner. Prosjektkoordinator / prosjektøkonom har også eit tett samarbeid med dei andre økonomane ved UiB. Vi nyttar Unit4 ERP som økonomisystem, og Excel som dagleg arbeidsverktøy.
Klinisk institutt 1 og Klinisk institutt 2 har ein stor forskingsaktivitet og vektlegg forsking som tar utgangspunkt i kliniske problemstillingar. Her får du moglegheit til å jobbe med spennande økonomiske utfordringar og prosjekter. Det er administrasjonens oppgåve å gje god administrativ støtte og oppfølging til den faglege verksemda.
Arbeidsoppgåver:
Hovudoppgåvene er å drive prosjektoppfølging og å ha fagleg ansvar for og koordinere prosjektporteføljen til ei gruppe av prosjektøkonomar. I tillegg skal du utøve analyse, rådgjeving og gje administrativ støtte innan eksternfinansiert verksemd.
Sentrale oppgåver vil vere:
Ansvar for eigne bidrags- og oppdragsprosjekt.
Å ha fagleg ansvar for den totale prosjektporteføljen til institutta.
Utøve leiarstøtte gjennom å bidra til god styringsinformasjon.
Støtte og rådgjeving i økonomispørsmål ved institutta.
Utarbeiding og oppfølging av budsjett, periodisk rapportering og avviksanalyse.
Bidra til å sikre korrekte periodeavslutningar og god kvalitet på økonomi- og prosjektstyring.
Bidra til å sikre god kvalitet og internkontroll i økonomistyringa.
Økonomistyring av ekstern- og internfinansierte prosjekt, under dette ansvar for budsjettering, avviksbehandling og ekstern og intern økonomirapportering.
Saksbehandlingsoppgåver, utgreiings- og utviklingsoppgåver som krev stor grad av sjølvstende og problemløysing.
Rekneskaps- og økonomiarbeid.
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha mastergrad i økonomiske fag. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
Fleire års relevant erfaring er naudsynt ved tilsetjing som rådgjevar.
Vi søkjer deg som har:
Erfaring frå økonomioppfølging og rådgjeving i prosjekter.
Erfaring frå å sette seg inn i komplekse regelverk.
Erfaring frå rapportering til ulike finansieringskjelder.
Kjennskap til EUs forskingsprogram og Norges Forskningsråd er ein styrke.
Erfaring frå økonomistyring, budsjettering og controllerarbeid,
Ønskeleg med erfaring frå andre relevante arbeidsoppgåver.
Erfaring med økonomiarbeid frå tilsvarande verksemd og kjennskap til universitetssektoren er ein fordel.
Kandidaten må evne å tileigne seg ny kunnskap.
Svært god skriftleg og munnleg framstillings- og kommunikasjonsevne både på norsk og engelsk.
God rekneskaps- og tallforståing.
God digital kompetanse og gode ferdigheiter i bruk av Excel.
Kunnskap om og erfaring frå prosess- og prosjektleiing er ein fordel.
Ynskjeleg med erfaring frå og kjennskap til universitets- og høgskulesektoren.
Ynskjeleg med kjennskap til Unit4-ERP eller liknande system.
Vi søkjer ein person som:
Trivst med å ha stort spenn i arbeidsoppgåver. Arbeid med m.a. budsjettering og rapportering krev at du har god gjennomføringsevne, og at du kan jobbe sjølvstendig, nøyaktig og målbevisst. I rollen som rådgjevar og støttespelar for tilsette og leiarar krevst det at du er proaktiv, og at du har ein høg grad av serviceinnstilling og gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. Stillinga krev at du er strukturert og effektiv og trivst med å handtere mange oppgåver samtidig, planlagde og upårekna. Det er også ein fordel at du er analytisk, løysingsorientert, har evne til å tileigne deg nye ferdigheiter og har stor grad av sjølvstende og evne til problemløysing.
I vår samla vurderinga av kva for kandidat som er best kvalifisert, vil vi gjere ei heilskapleg vurdering av utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, motivasjon og andre kvalifikasjonskrav som kjem fram av annonseteksten.
Vi kan tilby:
Ei spennande, kompleks og utfordrande stilling ved ein av landets største utdanningsinstitusjon og kompetansearbeidsplassar.
Ei stor kontaktflate i organisasjonen.
Gode kollegaer som deler kunnskap.
Løn i stilling som rådgjevar (stillingskode 1434) i lønsspenn frå kr 670.000 til kr 770.000 avhengig av erfaring og kvalifikasjonar.
Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordninger.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.