LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Vitskapleg assistent / erfaringskonsulent knytt til forskingsprosjektet FALCO

Søknadsfrist: 09.06.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitenskapeleg assistent

Ved Griegakademiet - Institutt for musikk er det ledig ei åremålsstilling som vitskapeleg assistent/erfaringskonsulent (20%) knytt til forskingsprosjektet FALCO og Griegakademiets senter for musikkterapiforsking, GAMUT. Stillinga er for ein periode på to år frå 1. september 2025 til 31. august 2027. 

 Vi søkjer etter ein vitskapleg assistent/erfaringskonsulent med bakgrunn frå psykisk helse/rusfeltet, som har kjennskap til musikkterapi, og som ønskjer å vera del av eit vitskapleg forskingsmiljø ved GAMUT og Griegakademiet. 

 Vitskapleg assistent/erfaringskonsulent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å bidra med erfaringskompetanse om rus og musikkterapi i forskingsprosjektet FALCO. Samla tilsetjingstid kan ikkje overstige to år (uavhengig av stillingskode som vitskapleg assistent). 

Om prosjektet

FALCO – Fighting Addictions, improving Lives: COmprehensive drug rehabilitation with music er eit forskingsprosjekt støtta av EU Horizon, som skal studere langtidseffekten av musikkterapi i rusfeltet. Griegakademiet har fått ansvar for å leie arbeidspakke om user/stakeholder involvement, der målet er å fasilitere for brukarmedverknad i FALCO-prosjektet, og medverke til at brukarinvolvering gjer seg gjeldande gjennom heile forskingsprosessen (frå planlegging til sluttprodukt).

 Prosjektet bidrar til internasjonalt samarbeid og nettverksbygging på tvers av sju deltakande land: Noreg, Sveits, Spania, Italia, Østerrike, Polen og Israel. I norsk kontekst bidreg det til samarbeid mellom UIB, NORCE, Stavanger Universitetssjukehus, og Sykehuset Innlandet. Vidare utvidar det kompetanse om brukarmedverknad på tvers av landegrenser, og utviklar strategiar for brukarmedverknad i ein stor internasjonal RCT som FALCO. 

 Formålet med stillinga er å styrke brukar- og recoveryperspektivet i forskingsprosjektet.

Arbeidsoppgåver:

  • Sette brukarperspektivet i fokus i FALCO prosjektet.
  • Bidra i planlegging og utføring av innhald i arbeidspakke om user/stakeholder involvement.
  • Ha fokus på̊ at brukarane sine mål, interesser og rettigheiter blir ivaretatt.
  • Delta i Expert Advisory Group (EAG) – eit rådgivande organ for FALCO.
  • Koordinere, i samarbeid med prosjektleiar, den norske Local Advisory Group (LAG), med mål om å jobbe med lokale tilhøve i forbindelse med FALCO.
  • Bidra til forsking og formidling gjennom konferansar, seminar og publikasjonar. 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Kjennskap til brukarperspektiv og erfaring med brukararbeid frå tenestene eller forsking innan psykisk helse- og rusfeltet. 
  • Utdanning helst på masternivå, eventuelt på bachelornivå, i et relevant fagområde for FALCO prosjektet. Arbeidsoppgåver, stillingskode og løn vil verte tilpassa utdanningsnivået til den som vert tilsett.
  • Vere open for å bruke eigen kompetanse i kunnskapsutviklinga mellom brukarar og fagfolk. 
  • Gode kunnskapar i engelsk og norsk, både skriftleg og munnleg.
  • Grunnleggande datakunnskapar.
  • Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert.
  • God evne til å kommunisere og å oppnå relasjonar med andre menneske.

Det er i tillegg ønskjeleg med:

  • Kjennskap til musikkterapi i psykisk helse/rusfeltet. 
  • Erfaring med samarbeidsorienterte forskingsprosjekt.

Vi tilbyr:

  • Opplæring og rettleiing
  • Samarbeid med erfarne og engasjerte kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Stillingskode og løn i det statlege lønnsregulativet, avhengig av utdanningsnivå for den som vert tilsett:
    • Vitskapleg assistent 1018: for tida ei årsløn på kr 414 200 – 425 000 (brutto i 100% stilling)
    • Vitskapleg assistent 1019: for tida ei årsløn på kr 428 100 – 465 000 (brutto i 100% stilling)
    • Vitskapleg assistent 1020: for tida ei årsløn på kr 473 000 – 525 000 (brutto i 100% stilling)
    • For særskild kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev på norsk (400-500 ord, tilsvarande ca. 1 A4-side tekst) der du seier noko om motivasjonen din for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga.
  • CV 
  • Attestert kopi av vitnemål og relevante attestar.
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon).
  • Bachelor eller masteroppgåve og evt. anna vitskapleg arbeid som du vil at utvalet skal vurdera (inntil 3 arbeid)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis ved Griegakademiet og leiar for arbeidspakke om user/stakeholder involvement i FALCO, Lars Tuastad, e-post: lars.tuastad@uib.no, tlf. +47 45488282
  • Instituttleiar ved Griegakademiet, Randi Rolvsjord, e-post: randi.rolvsjord@uib.no, tlf. +47 97514878

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Spørsmål om stillinga

  • Lars Tuastad (Førsteamanuensis / leiar for arbeidspakke), +47 45488282, lars.tuastad@uib.no
  • Randi Rolvsjord (Instituttleiar), +47 97514878, randi.rolvsjord@uib.no
Powered by Labrador CMS