LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Miljøkoordinator (vikariat) - Eigedomsavdeling

Søknadsfrist: 10.05.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om eiendomsavdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er med sine 19 000 studentar og vel 4000 tilsette eit mellomstort europeisk universitet. Sentrale delar av campus ligg i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både ein lærestad og ein forskingsinstitusjon som dekker dei fleste fagområde, organisert i sju fakultet og rundt 40 institutt og faglege senter. Universitetet i Bergen er òg ein del av eit globalt nettverk av studentar, forskarar og kunnskapsinstitusjonar.

Universitetet i Bergen vil være eit nyskapande universitet som viser veg mot eit bærekraftig globalt samfunn, og har over tid arbeidd systematisk med miljøleiing og klimatiltak. Som fyrste universitet i Noreg blei UiB Miljøfyrtårn-sertifisert i 2016. UiB er også medstiftar av Klimapartnere Vestland og er med i Nordic Sustainable Campus Network, som er eit nettverk av nordiske universitet som ønsker å styrke satsinga på bærekraftig utvikling i forsking, utdanning og drift. UiBs største bidrag for å løyse klimakrisa er gjennom fremragende forskning, utdanning, formidling og innovasjon. Samtidig vender vi blikket mot vår eiga drift og skal bli eit klimanøytralt universitet innan 2030.

Eigedomsavdeling har ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av universitetet sin samla bygningsmasse. Vår bygningsmasse omfattar rundt 95 bygningar med i alt 390.000 m2, inkl. innleige av 102.000 m2. Avdelinga har om lag 100 tilsette og er organisert i seksjonane Drift, Prosjekt, Fagstøtte og Stab, Større satsingar.

Prosjekt har det administrative ansvaret for gjennomføring av nybygg, ombyggingar, rehabilitering og vedlikehaldsprosjekt. I tillegg har seksjonen ansvar for Miljø, Arealforvaltning og Interiør. Seksjonen har i dag 24 stillingar. 

Miljøkoordinator (vikar) (rådgivar) ved Eigedomsavdelinga, Prosjekt er det ledig eit vikariat 100 % stilling som miljøkoordinator fram til 1.mai 2025. Vi søkjer etter ein dyktig, erfaren og engasjert miljøkoordinator.

Vikariat som Miljøkoordinator 

Bli med å skape eit meir klima- og miljøvenleg universitet. 

Eigedomsavdelinga ved UiB søkjer eit vikariat som miljøkoordinator til eit av dei mest spennande fagmiljøa i Bergen. Vi søkjer ein dyktig og motivert miljøkoordinator for å hjelpe oss med å realisere UiB sine klima- og miljømål. Universitetet har eit mangfald av fakultet, institutt og museer. Hjå oss vil du jobbe med flinke kollegaer med brei og variert kompetanse som spenner om heile fagfeltet. Du er framtidsrettam og ser måglegheiter i bruk av digitale løysnigar. 

Arbeidsoppgåver:

Stillinga rapporterer til seksjonsleiar ved Prosjekt og vil ha følgjande arbeids- og ansvarsområde:

  • Koordinering av aktivitetar knytt til UiB sitt klima- og miljøarbeid
  • Støtte til styringsgruppa for klimanøytralt UiB 
  • Følgje opp utvalde tiltak frå strategiar og handlingsplanar
  • Drive informasjonsarbeid innanfor feltet
  • Følgje opp klimaregnskap og rapporteringar
  • Samarbeid med andre relevante interne og eksterne grupper
  • Arbeidsoppgåvene i stillinga kan bli endra ved behov

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Høgare relevant utdanning på masternivå, alternativt bachelornivå med arbeidserfaring. Relevant realkompetanse kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i nokre tilfelle kompensere for utdanningskravet.
  • God miljøfagleg kompetanse og interesse for å fremme klima- og miljøforbetringar
  • Det er krav om god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Generelt gode IT-kunnskapar

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt og vi ser etter en person som er:

  • Selvstendig, løsnings- og resultatorientert
  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Har evne til å engasjere 
  • Kan vere pådrivar og ha gjennomføringskraft i arbeidet med det ytre miljø

Vi kan tilby:

  • Eit ope og triveleg fagmiljø
  • Målretta arbeid for UiB med sine om lag 4000 tilsette og 19000 studentar
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) med løn kr. 615 700 - 657 300, i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Opplæring og moglegheit for vidareutdanning og utvikling
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Les meir om kva UiB kan tilby

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

  • Seksjonssjef Sissel Smørdal, mobil 952 03 676, e-post: sissel.smordal@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering. 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS