LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Seniorrådgjevar (forskingsrådgjevar) - Det medisinske fakultet

Søknadsfrist: 08.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorrådgjevar (forskingsrådgjevar)

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei stilling (100 %) som senior-/forskingsrådgjevar frå 01.10.2021.

Klinisk Institutt 2 er eit av dei største institutta ved Universitetet i Bergen, både med omsyn til talet på tilsette og budsjettomfang. Instituttet består av rundt 350 tilsette og vi forvaltar eit budsjett på over 200 millionar kroner. Instituttet er organisert i 21 forskingsgrupper og 17 undervisningsgrupper innretta mot forsking, innovasjon, undervisning og formidling innan ei rekkje laboratoriefag og kliniske fag. K2 har fire kjernefasilitetar (human genomikk, flowcytometri, metabolomikk og Forskingseining for folkehelseundersøkjingar) og mange sentre med spisskompetanse, inkludert fleire K.G. Jebsen sentre, Influensasenteret og Brogelmanns forskingslaboratorium, samt tilknytning til to sentre for framifrå forsking (NORMENT og CCBIO). Instituttet har som mål å auke den eksternfinansierte forskingsportefølja gjennom auka søknadsaktivitet.

Vi søkjer ein ny kollega til å handtere vår travle og spanande forskingaktivitet. Seniorrådgjevaren samarbeider tett med instituttleiinga, så vel som våre vitskaplege tilsette, Det medisinske fakultet og andre einingar ved Universitetet i Bergen. Som tilsett vil du jobbe i eit høgkompetent dynamisk fagmiljø med dyktige folk. Vi søkjer deg som trivst i eit travelt miljø, som samarbeider og kommuniserar godt med andre og som har høg gjennomføringsevne.

Arbeidsoppgåver:

  • Rådgjeving og bistand til institutt, forskingsgrupper og enkeltforskarar ved søknader om eksterne midlar, særleg til NFR og EU
  • Kartlegging av finansieringskjelder nasjonalt og internasjonalt
  • Motivere forskarar ved instituttet til å søkje eksterne prosjekt
  • Rådgjeving og rettleiing til unge og mindre erfarne forskarar
  • Delta i utvikling og etablering av rutiner i det forskingsadministrative feltet
  • Følgje opp strategien, handlingsplanar og evalueringar av forsking ved instituttet og Det medisinske fakultet
  • Tett samarbeid med leiing og fagmiljø på institutt og fakultet

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Vi søkjer ein person som har:

  • Relevant PhD-grad eller tilsvarande forskingsbakgrunn
  • Kunnskap om medisinske og naturvitskaplege forskingsmiljø
  • Erfaring med søknadsprosessar
  • Kunnskap om NFR og EU sine forskingsprogram
  • Framragande skriftleg og munnleg framstillingsevne i engelsk
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på eit skandinavisk språk er ein føremon
  • Evne til å motivere og styrkje samarbeid på tvers av fagområder
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Serviceinnstilling og fleksibilitet
  • Evne og vilje til raskt å setja seg inn i nye saksfelt, er kvalitetsbevisst og jobber strategisk og målretta innan fristar

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i lønssteg 64 -73 (for tida kr 583 500 – 689 600). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Administrasjonssjef, Klinisk institutt 2, Maria Holmaas, e-post: maria.holmaas@uib.no, tlf.: 55 58 54 09 eller
  • Fungerande instituttleiar Silke Appel, e-post silke.appel@uib.no, tlf. 55 97 46 33

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS