LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Rådgjevar / seniorrådgjevar for eksternfinansierte prosjekt - Økonomiavdelinga

Søknadsfrist: 20.06.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om økonomiavdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar/seniorrådgjevar for eksternfinansierte prosjekt ved UiB

Ved Økonomiavdelinga sin Seksjon for prosjektøkonomi er det ledig ei 100 % stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar innan området eksternfinansierte forskings- utdannings- og innovasjonsprosjekt.

Vi søkjer ein person med erfaring og engasjement knytt til forskingssamarbeid.

Økonomiavdelinga ved Seksjon for prosjektøkonomi har viktige økonomisk/administrative støtteoppgåver for fagmiljøa knytt til universitetet sine kjerneoppgåver innan søknad og oppfølging av forskings- og utdanningsprosjekt.

Desse oppgåvene blir utført i tett samarbeid med Forskings- og innovasjonsavdelinga og andre støttefunksjonar. Økonomiavdelinga utfører også sakshandsaming og rådgjeving for universitetsleiinga innanfor dette fagområdet.

Eit viktig strategisk satsingsområde for UiB er å auke den eksternt finansierte prosjektportefølja, inkludert å få fleire prosjekt innan EU sitt rammeprogram for forsking Horisont Europa og dei ulike programma til Forskningsrådet. Her jobbar rådgjevarar ved økonomiavdelingen i tett kontakt med rådgjevarar ved andre sentraladministrative avdelingar gjennom UiB sitt tverrfaglege rådgjevingsteam, og tilrettelegg for gode prosesser for både fakultetsadministrasjon, og for dei enkelte forskarane.

I EU sine rammeprogram for forskning jobbar forskarar frå UiB saman med forskarar og fagmiljø frå heile Europa, men også i mange tilfeller utanfor Europa. Seksjon for prosjektøkonomi bistår fagmiljøa i driftsfasen til EU sine rammeprogram-prosjekt, der vi blant anna arbeider som økonomisk/administrativ prosjektleiar for dei prosjekta der UiB har koordineringsansvar. Dette er ein jobb der man må arbeide tett med dei vitenskapelig ansatte, og man får innsikt i ein del av den spanande forskinga som skjer.I tillegg arbeider seksjonen med generell rådgjeving og opplæring til fagmiljøa knytta til andre finansieringskjelder.

Arbeidsoppgåver:

  • Økonomisk/administrativ prosjektleiar i UiB sine koordinatorprosjekt i Horisont 2020 og Horisont Europa
  • Økonomisk og administrativ oppfølging av den ekstern finansierte prosjektporteføljen ved UiB
  • Økonomisk rådgjeving til fagmiljøa i alle prosjektfasane frå mobilisering, søknad, kontrakt, drift og til avslutning
  • Vere fagekspert ved UiB på utvalde finansieringskjelder
  • Bidra til å videreutvikle og digitalisere prosesser innafor prosjektøkonomi- og administrasjon.
  • Opplæring av administrasjons- og prosjektleiarar, økonomar og andre rådgjevarar
  • Stillinga inngår i UiBs tverrfaglege BOA-team som innebærer tett dialog med andre sentraladministrative avdelingar i prosjektoppfølging.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Høgare utdanning innan økonomi og administrasjon på masternivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Minimum 5 års erfaring frå økonomioppfølging og rådgjeving i større verksemder
  • Har erfaring frå å sette seg inn i komplekse regelverk
  • Kjennskap til EUs forskingsprogram og Forskningsrådet er ein styrke
  • Kjennskap til Unit4-ERP eller liknande system er ein føremon
  • God skriftleg og munnleg framstillings- og kommunikasjonsevne både på norsk og engelsk.
  • God rekneskaps- og tall-forståing
  • God digital kompetanse

Eigenskapar:

  • Er sjølvstendig og drivande i prosessar
  • Vilje til å bidra til det faglege og sosiale fellesskapet

Vi kan tilby:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i ltr 64 – 72 (for tida kr. 583.500 – 677 600) eller seniorrådgjevar (kode 1364) i ltr. 68 - 75 (for tida kr. 626 100 – 715 900) etter kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse som inneber god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til gunstig rente og yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonsleiar Kari Eidsheim tlf. 41 50 64 22 e-post: kari.eidsheim@uib.no

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga, men arbeidsoppgåvene kan endrast etter behov på Økonomiavdelinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad og CV skal sendast elektronisk til Universitetet i Bergen via linken ”Søk stillinga” øvst på denne sida. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS