Forskingsrådgjevar (seniorrådgjevar) - Det samfunnsvitskaplege fakultet
Søknadsfrist: 13.12.2020
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Forskingsrådgjevar ved Det samfunnsvitskaplege faku
Det samfunnsvitskaplege fakultet ønskjer deg velkommen som søkjar til ei fast stilling som forskingsrådgjevar.
Fakultetet har store ambisjonar om å auke sin portefølje av eksternfinansierte prosjekter. Dei siste åra har fleire ulike fagmiljø ved fakultetet vunne frem i konkurransen om eksterne forskingsmidlar, og vi ønsker å fortsette å arbeide strategisk for å sikre finansiell støtte for nye og spennande satsingar. Stillinga er sentral i dette arbeidet. Den som blir tilsett vil arbeide tett med dekanatet og samarbeide med forskarar og forskargrupper på våre institutt og sentre. Forskingsrådgjevaren skal i tillegg leie og vidareutvikle fakultets forskingsadministrative nettverk. Stillinga er lagt til fakultetsadministrasjonen.
Det er venta at fakultetets einingar ved behov skal kunne få god og kvalifisert bistand i alle fasar av eit eksternfinansiert forskingsprosjekt. Fakultetet skal og kjenne godt til forskingsetiske problemstillingar, UiBs regler og rutinar for personvern i forsking, UiBs policy for open forsking og open publisering, innovasjon og forskingsinfrastruktur, samt andre relevante forskingsadministrative felt. Stillinga som forskingsrådgjevar vil ha ei viktig rolle i dette arbeidet.
Arbeidsoppgåver:
Rettleie i spørsmål om eksternfinansiert verksemd, hovedsakelig knytta til EUs rammeprogram for forsking, og Forskingsrådet
Delta i utvikling av det forskingsadministrative feltet, og følgje opp forskingsstrategi og evalueringar av forskinga ved fakultetet
Rettleie i spørsmål om forskingsetikk og personvern i forsking
Medverke i fakultetets arbeid med innovasjon og infrastruktur
Analysar og utgreiingsarbeid
Koordineringsfunksjonar knytt til fleirfaglege satsingar
Formidling av aktuell informasjon knytt til forskingsfeltet
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Doktorgrad innan samfunnsvitskaplege fag
Relevant forskingsadministrativ erfaring og spesialkompetanse på høgt nivå tilpassa funksjonane til stillinga
Interesse for samfunnsvitskapleg forsking og kjennskap til disiplinane som sorterer inn under fakultetet
Erfaring med koordinering og støtte til søknader om midlar frå eksterne finansieringskjelder som Noregs forskingsråd og EU
Særs god munnleg og skriftleg framstillingsevne både på norsk og engelsk
Evne til å motivere og fremje samarbeid på tvers av fagmiljøa
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Fleksibilitet og serviceinnstilling
Evne til å arbeide sjølvstendig, strategisk, strukturert og målretta
I vurderinga av søkjarane vil dei personlege eigenskapane og kvalifikasjonane som er naudsynt for stillinga, verte sterkt vektlagde.
Vi kan tilby:
Ei Stilling i nær kontakt og samspel med interssante forskingsmiljø
Løn etter lønssteg 66-7+ kode 1364 (seniorrådgjevar), for tida kr 597 000 - 643 000 i det statlege lønsregalutiv
Gode pensjons- og forsikringordningar i Statens pensjonskasse
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Det gjennomførast forsøk med anonyme søknadar i staten. Anonymiseringa av søknadar skal gjelde den fyrste utsilingsfasen av aktuelle kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket vil bli evaluert av Difi, som behandlar anonyme opplysningar om tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeida ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utlevert til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglene om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.