Stillingar som controllar (rådgjevar / seniorrådgjevar)
Søknadsfrist: 21.01.2024
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stillingar som controllar (rådgjevar/seniorrådgjevar)
Det blir snarleg ledig to 100 % faste stillingar som rådgjevar/seniorrådgjevar ved Det medisinske fakultet, med tilsetjing i fakultetsadministrasjonen sin økonomiseksjon.
Som controllar ved økonomiseksjonen vil du inngå i eit strategisk viktig team med fem høgt kompetente medarbeidarar, og du vil også jobbe tett saman med andre økonomar og leiarar ute på institutta og ved UiB. Du vil ta del i ulike forbetringsteam på tvers av de ulike einingane ved UiB og bidra inn i eit spennande fagmiljø.
Økonomiarbeidet ved fakultet er organisert med ein økonomiseksjon på fakultetsnivå leia av økonomisjef, i tillegg til at det er eigne økonomiteam ved kvart av de fem institutta. Stillinga rapporterer til økonomisjef ved fakultetet.
Økonomiseksjon arbeider med eit mangfald av oppgåver som rekneskap, innkjøp, budsjettering, langtidsbudsjettering, rullerande prognoser, månadleg økonomirapportering, leiarstøtte både mot fakultetet og institutt, i tillegg til utgreiingar, styrearbeid og prosess- og rutineforbetringar.
Det medisinske fakultet består av fakultetsadministrasjonen og fem institutt, med totalt driftsbudsjett på ca. 1,1 milliardar kroner.
Arbeidsoppgåver:
økonomioppfølging av både fakultetsøkonomien og institutta sin økonomi i samarbeid med økonomane på institutta
budsjettering
oppfølging av fond, legat og gåver
regnskaps- og økonomiarbeid som handtering av bestillingar og fakturabehandling (inngåande og utgåande)
bidra til å vidareutvikle og digitalisere prosessar innan økonomi- og administrasjon
saksbehandlingsoppgåver, utgreiings- og utviklingsoppgåver som krev stor grad av sjølvstende og problemløysing
bidra til prosess og rutineforbetringar
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha høgare utdanning innan økonomi og administrasjon, fortrinnsvis på sivil- eller masternivå. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
Vi søkjer deg som har følgande kvalifikasjonar:
minimum 5 års erfaring frå økonomioppfølging og rådgjeving i større verksemder
erfaring frå å sette seg inn i komplekse regelverk
svært god skriftleg og munnleg framstillings- og kommunikasjonsevne både på norsk og engelsk
god rekneskaps- og tallforståing
god digital kompetanse og gode ferdigheiter i bruk av Excel
ynskjeleg med erfaring frå og kjennskap til universitets- og høgskulesektoren
ynskjeleg med kjennskap til Unit4-ERP eller liknande system
Vi søkjer ein person som
har stor grad av sjølvstende og evne til problemløysing
har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
har evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
er serviceinnstilt og tek initiativ
har stor grad av sjølvstende og evne til problemløysing
er sjølvstendig, men samarbeider og godt med andre, innan same fag og på tvers av fag
er strukturert og effektiv og trivest med å handtere mange oppgåver samtidig, planlagde og uforutsette
er analytisk og løysningsorientert
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Løn som rådgjevar (kode 1434) i årsløn frå kr 615 700 – 759 100 (lønssteg 63-75) eller seniorrådgjevar (kode 1364) kr 657 300 - 821 100 (lønssteg 67-78) avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.