LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Controller (rådgivar / seniorrådgivar)

Søknadsfrist: 31.01.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Vil du jobbe med økonomi i eit spennande miljø?

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Er du vår nye controller?

Ein av medarbeidarane i økonomiseksjonen ved Det medisinske fakultet skal snart gå av med pensjon. Derfor er det nå ledig stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar i ei fast 100 % stilling med tilsetjing i økonomiseksjonen ved fakultetet.

Økonomiarbeidet ved fakultet er organisert med ein økonomiseksjon på fakultetsnivå leia av økonomisjef, i tillegg eigne økonomiteam ved kvart av de fem institutta.

Som controllar ved økonomiseksjonen vil du inngå i eit team med fire høgt kompetente medarbeidarar. Du vil også jobbe tett saman med andre økonomar ute på institutta og ved UiB. Du vil òg ta del i ulike forbetringsteam på tvers av de ulike einingane ved UiB. Stillinga rapporterer til økonomisjef ved fakultetet.

Økonomiseksjon arbeider med eit mangfald av oppgåver som rekneskap, innkjøp, budsjettering, rullerande prognoser, månadleg økonomirapportering, leiarstøtte både mot fakultetet og institutt, i tillegg til utgreiingar, styrearbeid og prosess- og rutineforbetringar. Det medisinske fakultet består av fakultetsadministrasjonen og fem institutt. Totalt driftsbudsjett er på ca. 1,1 milliardar kroner.

Arbeidsoppgåver:

  • regnskap, innkjøp og budsjett
  • økonomioppfølging av både fakultetsøkonomien og institutta sin økonomi i samarbeid med institutt-økonomane
  • oppfølging av fond og legat
  • utgreiingsoppgåver
  • bidra til å vidareutvikle og digitalisere prosessar og rutinar innan økonomi- og administrasjon

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Vi søkjer deg som har:

  • høgare utdanning innan økonomi og administrasjon fortrinnsvis på masternivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • erfaring frå å sette deg inn i komplekse regelverk
  • svært god skriftleg og munnleg framstillings- og kommunikasjonsevne både på norsk og engelsk
  • god rekneskaps- og tall-forståing
  • god digital kompetanse og gode ferdigheiter i bruk av Excel

Det er i tillegg ønskeleg at du har 3-5 års erfaring frå økonomioppfølging i større verksemder.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i vurderinga. Vi ønskjer at du:

  • har stor grad av sjølvstende og evne til problemløysing
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • har evne til å tileigne nye ferdigheiter
  • er serviceinnstilt og tek initiativ

Vi kan tilby:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i årsløn frå kr. 610.000 – 660.000 eller seniorrådgjevar (kode 1364) kr. 640.000 - 700.000 avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS