Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Professor i helsefremjande arbeid og helsepsykologi

Søknadsfrist: 22.04.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt/sentre.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Professor

Ved HEMIL-senteret, Det psykologiske fakultet er det ledig ei fast stilling som professor i helsefremjande arbeid og helsepsykologi. Det kan verte aktuelt å tilsetje ein førsteamanuensis dersom det ikkje finnes tilstrekkeleg kvalifiserte. Oppstart i stilling fra 01.01.2021.

HEMIL er eit tverrfagleg institutt som forskar og driver masterprogram på fagfelta helsefremmande arbeid, barnevern og global utvikling. Masterprogrammet Helsefremmande arbeid og helsepsykologi gir studentane kunnskap om indvidiuelle, samfunnsmessige, miljømessige og politiske forhold som har betydning for utvkling av helse, helseåtferd og helseoppleving. I løpet av 2020 vil HEMIL-senteret flytte inn i Alrek Helseklynge ved Universitetet i Bergen.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Undervise, ta emneansvar og rettleie på master- og PhD-nivå i helsefremjande arbeid og helsepsykologi, samt i forskingsmetode
  • Tidvis leie undervisningsprogrammet i helsefremjande arbeid og helsepsykologi
  • Forske og leie arbeid med å utarbeide nye forskingsprosjekter og søknader om eksterne forskingsmidlar
  • Tidvis leie ei forskingsgruppe ved instituttet
  • Ta del i publisering, formidling og fagles administrativt arbeid ved instituttet

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha doktorgrad i den tverrfaglege disiplinen helsefremjande arbeid, helsepsykologi eller ein annen relevant samfunnsvitenskapleg disiplin
  • Søkjar bør vere kvalifisert for stilling som professor i helsefremjande arbeid eller helsepsykologi. Dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar med slik bakgrunn, kan det verte aktuelt med tilsetting som førsteamanuensis innanfor same fagområde
  • Kompetansekrav for tilsetjing i stilling som professor fremgår av forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger §1-2
  • Det blir kravd at den som blir tilsett kan undervise på både engelsk og norsk (eller eit anna skandinavisk språk) ved tilsetjinga
  • Søkjar bør kunne rettleie både kvantitative og kvalitative masteroppgåver
  • Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga, men søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjinga får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullført innan eit år etter dato for tilsetjing
  • Personlege eigenskapar som er naudsynt vil bli vektlagt

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som professor (kode 1013) i lønssteg 77 - 85 (for tida kr 741 300 - 934 800 inkl. OU) i det statlege lønsregulativet. Direkteplassering kan verte aktuelt. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Stilling som førsteamanuensis (kode 1011) i lønssteg 64 - 72 (for tida kr 573 100 - 667 200 inkl. OU) i det statlege lønsregulativet. Direkteplassering kan verte aktuelt. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • Liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • Vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga. Ved vurdering til professor er det maksimalt 15 vedlegg, og ved vurdering til førsteamanuensis er det maksimalt 10 vedlegg.Vi gjer merksame på at søknader vert vurdert med den informasjonen som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden, jamfør siste kulepunkt.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV eller personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Opplysningar om nedsatt funksjonsevne eller hol i CV, kan verte brukt til registreringsføremål i Universitetet i Bergen sin inkluderingsdugnad.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS