Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor i psykologi / sosialepidemiologi

Søknadsfrist: 16.08.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Institutt for samfunnspsykologi, Universitetet i Bergen er det ledig ei stilling som postdoktor innan psykologi/sosialepidemiologi. Stillinga er for ein periode på 3 år og knytt til NFR-prosjektet «Social inequality in adolescent mental health in a life course perspective» (LONGTRENDS). Målet med prosjektet er bidra til ei større forståing av sosiale ulikskapar i psykisk helse i eit livsløpsperspektiv.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

LONGTRENDS

  • Prosjektet vil kartlegge samfunnstrendar i psykisk helse blant ungdom med ulike sosioøkonomiske bakgrunnar, og undersøkje kva for rolle faktorar som sosial støtte, familiestruktur, kjønn, og større livshendingar og overgangar spelar i samanhengen mellom sosioøkonomisk status og psykisk helse.
  • I tillegg freistar prosjektet å utvikle meir presise metodar for å måle ungdom sin sosioøkonomiske status.
  • Prosjektet nyttar data frå fire ulike nasjonale og internasjonale studiar saman med registerdata på utdanning og hushaldningsøkonomi for å setje lys på problemstillingar knytt til psykisk helse i eit livsløpsperspektiv.
  • Prosjektet er organisert i delprosjekt (arbeidspakkar) der kvar del vil ha sitt særskilde fokus for å svare på den overordna problemstillinga.

Arbeidspakke 2

  • Postdoktorstillinga er knytt til arbeidspakke 2 i prosjektet
  • I denne arbeidspakka vil vi undersøkje betydninga av ulike kontekstuelle strukturar for sosial ulikheit; spesifikt problemstillingar knytt til familiestruktur, økonomiske forhold, utdanning og deltaking i skule og samfunn.

Arbeidsoppgåver

  • I samarbeid med andre forskarar i prosjektet, vil postdoktoren sine arbeidsoppgåver vere å:
  • analysere krysseksjonelle og longitudinelle data
  • skrive og publisere vitskaplege artiklar
  • bidra til å utforme søknadar om koplingar til registerdata

Postdoktoren vil ha sin arbeidsplass i Bergen, ved Institutt for samfunnspsykologi.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.- grad eller tilsvarande utdanning innan psykologi, sosialepidemiologi, helsefremjande arbeid eller tilsvarande relevant fagfelt
  • Det er ein fordel om søkjar har dokumentert kompetanse innan sosial ulikheit/sosialepidemiologi, som omfattar publisering av vitskapelege artiklar i internasjonale fagfellevurderte tidsskrift
  • Det er ønskeleg at søkjar har erfaring med kvantitative analyser, inkludert analyser av longitudinelle data og bruk av registerdata
  • Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjar må ha gode skriftlege og munnlege kunnskapar i engelsk
  • Det er ein fordel om søkjar har gode norskkunnskapar av di det i prosjektet er arbeidsoppgåver knytt til handsaming av dokumentasjon/data som berre er på norsk
  • Det er ein fordel om søkjar har erfaring med programvare som R, Stata eller Mplus
  • Det er ønskeleg at søkjar har forskingserfaring frå større epidemiologiske studiar

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Ved postdoktorstilling knytt til eksternt finansierte prosjekter, vil fullføring av planen for kvalifikasjonsarbeidet skje i dialog med prosjektleiar/senterleiar. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 60 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 40) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 532 300 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar
  • Stadfesta kopiar av karakterutskrifter, vitnemål og dokumentasjon av doktoravhandling
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Publikasjonar (last dei opp i JobbNorge)

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • førsteamanuensis/arbeidspakkeleiar Tormod Bøe, Institutt for samfunnspsykologi, tlf: 98864792, tormod.boe@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS