Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Postdoktor i informatikk – anvendt kryptologi
Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som postdoktor i informatikk – anvendt kryptologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år, finansiert av Nasjonal Sikkerhetsmyndighet.
Om instituttet
Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom sju forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Alle gruppene har stor eksternfinansiering, blant anna frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. På grunn av den sentrale rolla som informatikk spelar i samfunnet, er instituttet i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 700 studentar, i overkant 150 tilsette, deriblant 35 førsteamanuensar og professorar og 50 stipendiatar. Vi har nyleg etablert Center for Data Science (CEDAS) som ei viktig utviding av aktivitetane våre innan forsking og utdanning.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Alle tilsette vert forventa å bidra til framifrå forsking og undervisning av høg internasjonal kvalitet.
Arbeidsplass for denne stillinga vil vera hos forskingsgruppa Selmersenteret for sikker kommunikasjon.Selmersenteret er ei internasjonalt leiande forskingsgruppe innan IKT innan kryptografi, kodeteori, informasjonssikkerheit, Boolske funksjonar, sekvensdesign og kvanteinformasjonsteori.
Dei viktigaste arbeidsoppgåvene til denne stillinga er forsking på eit eller fleire av utvalde områder innan anvendt kryptologi: symmetrisk-nøkkel kryptologi, post-kvante kryptologi, kryptologi for nye teknologiar, sidekanalangrep / mottiltak, implementeringsaspekter av kryptografi og bevisbar sikkerheit av symmetriske primitiv.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha oppnådd ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning i kryptologi. Ph.d studentar kan søkje viss ph.d graden oppnås innan 01.12.2020. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Omfattande forskingserfaring innan anvendt kryptologi er eit krav.
Søkjaren må ha ein god merittliste og ein sterk publikasjonsliste innanfor eit eller fleire av følgande områder:
symmetrisk nøkkel kryptology, som blokkchiffre, strømchiffre, hashfunksjoner, meldingsautentiseringskoder, autentisert krypteringskjemaer, etc.
post-kvante kryptologi
kryptologi for nye teknologiar som IoT og blokkjede
sidekanalanalyse, hvitboks kryptografi, mottiltak
implementeringsaspekter av kryptografi i programvare eller maskinvare
beviseleg sikkerheit for symmetriske kryptografiske primitiv og operasjonsmoder
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Om postdoktorstillinga:
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden inntil eitt år. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Søkjarar skal ved tilsetjing saman med sin rettleiar og instituttleiar lage ein plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Vi tilbyr:
Eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
Løn etter lønssteg 60 – 65 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 532 300 – 583 900 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
For HR-relaterte førespurnader ta kontakt med Lene Sørheim
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.