LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktorstilling ved Sosiologisk institutt

Søknadsfrist: 14.11.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling ved Sosiologisk institutt

Ved Sosiologisk institutt er det ledig ei stilling som postdoktor. Stillinga er for ein periode på fire år, kor 25 % av samla tilsetjingstid er undervisning, rettleiing og administrative oppgåver ved instituttet.Arbeidsstad for denne stillinga er i Bergen.

Om instituttet

Sosiologisk institutt - som ligg i kulturbyen Bergen med nærleik til vakker natur, tilbyr eit spennande miljø for forsking og utdanning i sosiologi. Det høyrer til Det samfunnsvitskaplege fakultetet og er del av eit stort samfunnsvitskapleg miljø. Instituttet har samarbeid med andre sosiologimiljø nasjonalt og internasjonalt. Undervisninga inkluderer eit årsstudium, eit bachelor- og masterprogram, samt eitdoktorgradsprogram.

Forskinga ved instituttet bygger på lange forskingstradisjonar, og fagprofilen er brei med tre profilområde:

  • Velferd, ulikskap og livsløp
  • Migrasjon, integrering og mobilitet
  • Arbeid, klasse og utdanning

Det er ynskjeleg at den som blir tilsett bidrar til eit eller fleire av instituttet sine profilområde og forskingsinteresser. Sjå nærare presentasjon av forskinga ved instituttet her.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor sosiologi eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • Arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Nytte engelsk skriftleg og munnleg

Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju og kan også verte bede om å helde ei prøveforelesing over eit oppgitt emne.Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 4 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Ein plan for forskingsarbeidet i form av ei prosjektskisse på maksimum 10 sider skal følgje søknaden. Prosjektskissa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet, og ein publiseringsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 61 i det statlege regulativ ved tilsetjing, (kode 1352) NOK 553 500 brutto per år. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Prosjektskisse på maksimum 10 sider (med framdrifts- og publiseringsplan)
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Inntil 5 vitskaplege publikasjonar (medforfattererklæring er naudsynt om forfattere har gjort ulik innsats)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge.

Søknadsfrist:14. november 2021

Søknaden skal merkast: 21/14469

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til seniorkonsulent HR Hanne Cappelen – hanne.cappelen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS