Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor (NORMENT)

Søknadsfrist: 27.09.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktor (NORMENT)

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei 100 % stilling som postdoktor for ein periode på 3 (tre) år. Stillinga er knytt til UiB-delen av NORMENT Senter for framifrå forsking, og er finansiert av Universitet i Bergen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Prosjektet inngår i ei forskingsgruppe som studerer dei alvorlege psykiatriske sjukdommane schizofreni og bipolar liding, for å kartlegge korleis genetiske og biologiske tilhøve påverkar utviklinga og forløpet, saman med miljøfaktorar og ulike typar behandling.
  • Den som blir tilsett skal primært studere korleis genaktiviteten, lipidnivå og immunfaktorar i perifert blod blir endra ved medikamentell behandling av pasientar med schizofreni og bipolar liding. Prosjektet vil ha tilgang til data frå RNA-sekvensering av perifere blodceller og analysar av lipider (lipidomics) og selekterte immunmarkørar i serumprøvar frå pasientar og friske personar.
  • Arbeidsoppgåvene vil inkludere planlegging og gjennomføring av dataanalysar, inkludert etablering av nye metodar. I tillegg kan det bli aktuelt med forsøk som omfattar laboratoriearbeid. Det er også ønskeleg at den som blir tilsett er med på å vidareutvikle delprosjekta og søkje om nye forskingsmidlar.
  • Dei planane som allereie er lagt for delprosjekta inneber arbeid med molekylærbiologiske sjukdomsmekanismar og ulike statistiske og bioinformatiske metodar, slik som differensiell genekspresjon og multivariate analyser. Det er vidare planlagt at funn frå kliniske data blir fylgt opp med alternative molekylærbiologiske metodar, slik som qPCR, ELISA, WB og funksjonelle assay.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor cellebiologi, biomedisin, molekylærbiologi, biostatistikk, medisin, psykologi eller eitanna relevant fagfelt, eller ha levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje og seinast innan 1. desember 2020
  • søkjar må ha brei, relevant erfaring med handsaming, analyse og tolking av biologiske data, slik som global genekspresjon (RNA-sekvensering), lipider og/eller immunfaktorar
  • det er ein føremon om søkjar har erfaring med molekylærbiologisk laboratoriearbeid
  • det er ønskjeleg at søkjar har vitskaplege kvalifikasjonar i biologisk psykoseforsking
  • det er ønskjeleg at søkjar kan dokumentere erfaring med rettleiing av studentar og utarbeiding av prosjektsøknadar
  • søkjar må vere strukturert og ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking, med evne til både sjølvstendig initiativ og samarbeid i team
  • søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk, og det er ønskjeleg at den som blir tilsett også er god i munnleg og skriftleg norsk.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

Åremålsperioden for stillinga er tre år, med høve til å forlenge perioden inntil eit år dersom eit forskingsopphald i utlandet skal inngå i perioden.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Den tilsette kan bli pålagt pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 62 (kode 1352/lønsramme 24.4) for tida kr 552 800, med medisinsk/odontologisk embetseksamen lønssteg 63 (kode 1352/lønsramme 24.7) for tida kr 563 700, med spesialistutdanning lønssteg 65 (kode 1352/lønsramme 24.9) for tida kr 583 900, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på godkjent avhandling
  • relevante attestar
  • publikasjonsliste
  • vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS