LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i utrekningsorientert matematikk for geovitskap (ERC MaPSI)

Søknadsfrist: 31.01.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Matematisk institutt er det ledig ei treårig stilling som postdoktor. Stillinga er knytt til ERC Consolidator Grant “Mathematical and Numerical Modelling of Process-Structure Interaction in Fractured Geothermal Systems” (MaPSI), og vil og vere ein del av det nyleg etablerte VISTA Senter for modellering av kopla undergrunnsdynamikk/VISTA Center for Modeling of Coupled Subsurface Dynamics (VISTA CSD, https://www.uib.no/en/vista-csd). Senteret vil involvere om lag 40 personar, inkludert fast vitskapeleg tilsette, forskarar, postdoktorar og ph.d.- studentar. Masterstudentar vil og bli involvert i senteraktivitetar.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

I utvikling og produksjon av høgtemperatur geotermiske ressursar, resulterer store induserte gradientar i trykk og temperatur under injeksjonsoperasjonar i komplekse kopla prosessar. Det inkluderer koking av geotermiske fluid og defomasjon av den oppsprukne bergarten, kopla dynamikk som så langt er lite forstått. Dette gjev motivasjon så vel som utfordrande testforsøk for ny matematisk og numerisk metodikk som vil bli utvikla i MaPSI-prosjektet. MaPSI har som sitt hovudmål å lage matematiske modellar og simuleringsteknologi som krevjast for å vurdere prosess-strukturinteraksjon i undergrunnen i samanheng med hydraulisk og termisk stimulering i utvikling og produksjon av høgtemperatur geotermiske ressursar.

Kandidaten som vert tilsett vil bidra til forskingsaktivitetar i MaPSI-prosjektet. Dette inkluderer utvikling av numeriske metodar for å modellere reservoar casestudie med fleirfasefly og faseovergangar i termo-poroelastiske media med sprekkar som kan gli, deformerast og propagere. Programvareutvikling i prosjektet vil byggje på det opne kjeldekodeverktøyet PorePy (github.com/pmgbergen/porepy), som allereie har god funksjonalitet for å modellere kopla prosess-struktur interaksjon i oppsprukne porøse media. Oppgåver vil inkludere utvikling av matematiske modellar og utvikling og implementering av numeriske metodar. Kandidaten vil og bidra til senteret sine tverrfaglege målsettingar og ta del i tverrfagleg samarbeid. Kandidaten blir forventa å delta i rettleiing av masterstudentar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande grad innanfor anvendt og utrekningsorientert matematikk. Ph.d.- studentar kan søkje om disputas er gjennomført innan 31. juni 2022. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må ha forskingserfaring innan matematisk modellering, partielle differensiallikningar, numerisk analyse og relatert programvareutvikling.
  • Søkjarar må ha forskingserfaring i numeriske metodar for flyt i porøse media og/eller geomekanikk.
  • Det er ein fordel for søkjarar å ha erfaring med numeriske metodar for kontaktmekanikk og/eller hydromekaniske prosessar i porøse media.
  • Det er ein fordel for søkjarar å ha erfaring med samarbeid om utvikling av programvareplattformer for utrekningsvitskap.
  • Det er ein fordel for søkjarar å ha erfaring med tverrfagleg samarbeid i geovitskap og med integrasjon av feltdata for simulering av prosessar i undergrunnen.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha svært gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

I vurderinga av aktuelle kandidatar vil ei heilskapleg vurdering av både kvalitet og breidde i kandidatane si forsking bli gjennomført. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til inntil 4 år. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt).

Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 61 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 5) til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 553 500 ,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd doktorgrad. Doktorgraden må vere dokumentert med vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad, innan 31. Juni 2022.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor og senterleiar Inga Berre, inga.berre@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS