Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Postdoktorstilling
Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som postdoktor i meteorologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år og knytt til prosjektet ARCLINK finansiert av Norges forskningsråd. Stillinga er ved Geofysisk institutt, med tilknyting til Bjerknessenteret for klimaforskning.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Prosjektet setter søkelys på rollen til marine kaldluftsutbrott i det kopla arktiske atmosfære-hav-systemet. Fokus vil vere på å relatere variabiliteten og intensiteten til marine kaldluftsutbrott til endringar i blanda lag i havet så vel som i havgrensestraumen. Dette vil skje ved å kombinere vanlege in situ oseanografiske observasjonar med marine kaldluftsutbrott-data frå atmosfærisk reanalyse, prognosemodellar og idealiserte simuleringar. Ved å kombinere marine kaldluftsutbrott-klimatologien med den relevante storskala atmosfæriske sirkulasjonen, vil kandidaten også klargjere dei nødvendige miljøforhalda for den viktigaste atmosfære-hav-varmevekslinga. Denne analysen vil også bidra til å kvantifisere tilbakemeldingsmekanismar mellom atmosfære-hav-varmevekslinga og utviklinga av marine kaldluftsutbrott, der vêrfenomena i mesoskala, som polare lågtrykk, kan utvikle seg, noko som ytterlegare kompliserer tolkinga av atmosfære-hav-interaksjonane. Vidare vil truverdigheita til marine kaldluftsutbrott-representasjon i vêr- og klimamodellar bli vurdert ved bruk av både European Centre for Medium Range Weather Forecasting (ECMWF) Integrated Forecasting System (IFS) og den fullt kopla norske klimaprediksjonsmodellen som er utvikla ved Bjerknessenteret for klimaforskning (BCCR).
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute i meteorologi, oseanografi, fysikk, matematikk eller andre relevante fagområde. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Søkjarar må ha god kunnskap i atmosfærisk dynamikk
Gode kunnskapar i programmering (FORTRAN, Python) er eit krav
Erfaring i å utføre modell-simuleringar (WRF, klimamodell) er ein fordel
Erfaring med analytiske berekningar og analyse av modelldata er ein fordel.
Erfaring med vekselverknader mellom atmosfære er ein fordel.
Søkjarar må generelt vere svært vitskapleg nyfikne, og særleg innan det aktuelle feltet, og vere sjølvstendige med å utforske og implementere nye metodar og idear.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Om postdoktorstillinga
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 3 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.
Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Vi tilbyr
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
løn etter lønssteg 62 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 6) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 573 900 ,-brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
CV
Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
Relevante attestar
Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
Eventuelle publikasjonar
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Professor Thomas Spengler, geofysisk institutt, Universitetet i Bergen, thomas.spengler@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.