Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor i marin biogeokjemi

Søknadsfrist: 18.10.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret for klimaforsking er det ledig ei stilling som postdoktor i marin biogeokjemi med fokus på modelldataanalyse av brå endringar (sokalla vippepunkt) og farar for klimaendringar.

Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og knytt til prosjekta EU H2020 COMFORT, EU H2020 CRESCENDO og Bjerknessenteret sitt strategiske prosjekt LOES.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Analyse av klimaprojeksjonar og scenario for identifisering av brå endringar, sokalla vippepunkt (inkludert usikkerheit og reversibilitet), i havet sin biogeokjemiske og fysiske tilstand under menneskeskapt påverking, med særleg omsyn til oppvarming, karbonnivå, pH, næringsstoff og oksygensyklus. Dette inkluderer ein analyse av modell i forhold til observasjonar.
  • Vurdering av usikkerheit og sikkerheit i moglege trugslar og påverknader for det marine miljøet i klimaprognoser.
  • Evaluering av modelldata med omsyn til økosystemet sin funksjon og påverknad ved bruk av forskjellige utrekningar og tersklar, med særleg vekt på (a) kystområde og kontinentalsokkelen (på global skala), (b) spesifikke hotspots som område med oppvelling og polhav, og (c) verdshavet.
  • Stillinga gir ei moglegheit til å oppnå gjennombrot innan evaluering av klimadata for vidare karriere innan marin biogeokjemi og forsking innan berekraft.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor oseanografi, meteorologi, klimavitskap, fysikk, matematikk, biologi eller andre relevante fagområde. Ph.d.-studentar kan søkje dersom disputas er gjennomført innan 31.10.2020. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Eksellente ferdigheiter innan handtering av store datasett i kombinasjon med kunnskap innan metodar for utrekningar og analyse, inkludert statistiske verktøy, er eit krav.
  • Kandidatane må kunne arbeide tverrfagleg.
  • Ferdigheiter på høgt nivå innan vitskapleg programmering er eit krav.
  • Evne til å publisere i vitskaplege tidsskrifter er naudsynt.
  • Det er ønskeleg med bakgrunn innan marin biogeokjemi, marine økosystem og jordsystem dynamikk.
  • Kjennskap til rammevilkår for risikoanalyse og/eller kvantifisering av effekt av klimaendringar er ein føremon.
  • Erfaring frå marine biogeokjemiske modellar og jordsystemmodellar er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telleved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 3 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt).

Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 60 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 532 300,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd doktorgrad. Doktorgraden må vere dokumentert med vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad, innan 31.10.2020.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Christoph Heinze, Geofysisk institutt, e-post: [email protected], tel.: +47 55589844

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS