LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i landismodellering

Søknadsfrist: 16.05.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Instituttet for geovitenskap og Bjerknes Centre for Climate Research er det ledig ei stilling som postdoktor i landismodellering. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år, finansiert av Forskingsrådet.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Det overordna målet med SINERGIS-prosjektet er å forbetre tidlegare og framtidige havnivåendringar ved å kombinere modellering av den grønlandske innlandsisen med rekonstruksjonar frå iskjernar og georadar. Dette vil gjere det mogleg å evaluere grundig og å kalibrere isbremodellar og forbetre vurdering av tidlegare og framtidig havnivå.

Søkjaren skal arbeide med ein ny numerisk modell for å simulere englasiale lag som kan brukast på ei rekke av eksisterande ismodellar og som er utgangspunkt for framtidige samanlikningar av slike modellar. Dette inneber eit tett samarbeid med internasjonale partnarar i Spania, Canada, Japan og USA. Det finst finansiering for kortsiktige forskingsopphald og ein internasjonal workshop i Bergen. Etter avtale kan søkjaren søkje om utanlandsstipend på opptil 12 månadar. Vi har tilgang til toppmoderne superdatamaskininfrastruktur.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor glasiologi, fysikk, anvendt matematikk, meteorologi eller liknande, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Stillinga krevjar god kunnskap om isbrear og klimadynamikk.
  • Arbeidsoppgåvene inneber avansert vitskapeleg programmering og tidlegare erfaring innan FORTRAN, Python, Matlab eller liknande er derfor eit krav .
  • Uavhengigheit og proaktiv problemløysing er høgt verdsett. Prosjektet krevjar koordinering med ein internasjonal gruppe samarbeidspartnarar.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett, for arbeid i vitskapelege toppstillingar. 10 % av arbeidstida kan brukas på aktivitetar knytte til undervisning, formidling og kommunikasjon ved Institutt for geovitenskap. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt).

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Ved postdoktorstilling knytt til eksternt finansierte prosjekter, vil fullføring av planen for kvalifikasjonsarbeidet skje i dialog med prosjektleiar/senterleiar.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett, gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 60 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 535 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Dr. Andreas Born (andreas.born@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS