LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i kvantitativ cellebiologi / massespektrometri proteomikk

Søknadsfrist: 01.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling i kvantitativ cellebiologi/massespektrometri proteomikk

Ved Institutt for biovitskap er det ledig ei stilling som postdoktor i kvantitativ cellebiologi/massespektrometri proteomikk.

Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år og knytt til eit prosjekt som er finansiert av Forskingsrådet: "KARMA - en innovativ metode for å analysere cellulær skjebne til proteiner og dets anvendelse for å undersøke kontrollen av proteostase".

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Forskingsgruppa brukar ei rekkje teknikkar frå genetikk til moderne massespektrometri og matematisk modellering for å lære korleis celler monterer multiproteinkompleks og opprettheld funksjonane deira (sjå Onischenko et al, Cell, 2017 og 2020). Prosjektet er ein del av eit samarbeid med partnarlaboratoria ved Swiss Federal Institute of Technology (Sveits) og Weizmann Institute of Technology (Israel) som tek sikte på å forstå djupare funksjonen til kvalitetskontrollsystemet for cellulære protein, proteostasis nettverk (PN). Prosjektet vil fokusere på bruk av ein ny massespektrometri-basert metode for å analysere dynamikken i PN-interaksjonar, og forstå korleis PN-funksjonen vert påverka av proteotoksisk stress. For å lese meir om metodikken, sjå (Onischenko et al, Cell, 2020); Lab info: www.onishchenkolab.org

Dei postdoktorale stipendiatoppgåvene vil omfatte biokjemiske analysar av proteininteraksjonar med ein kombinasjon av affinitetsnedtrapping, metabolsk merking og massespektrometri i eit spirande gjærmodellsystem. Prosjektet involverer generering av kvantitative modellar basert på proteomikkdata og testing av modellen sine spådommar med cellebiologiske teknikkar. Den som vert tilsett vil få sjanse/moglegheit til å bidra til utvikling av prosjektet i tråd med sine interesser.

Postdoktoren kan også verte involvert i rettleiing av studentar på bachelor- og masternivå.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor biokjemi/molekylær og cellebiologi/berekningsbiologi/biofysikk eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Det er venta at den rette kandidaten har god bakgrunn innan biokjemi, berekningsdataanalyse og er svært interessert i å bruke kvantitative analytiske teknikkar og kvantitative modellar for å undersøkje biologiske prosessar
  • Dokumentert praktisk erfaring innan biokjemi er eit krav.
  • Dokumentert forskingserfaring innan nokon av følgjande områder: arbeid med omics-data, massespektrometri-proteomikk, proteinbiokjemi, funksjon av proteostasenettverket er ein sterk føremon.
  • Det er ein føremon med dokumentert praktisk erfaring i berekningsanalyse av store datasett.
  • Ein høg produksjon av artiklar i anerkjente internasjonale tidsskrift, er ein sterk føremon.
  • Den som vert tilsett skal kunne jobbe sjølvstendig og på ein strukturert måte, og må ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjaren må ha god arbeidskapasitet og entusiasme for å følgje det annonserte forskingsprosjektet. Dette må kome fram i søknaden.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 6 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år (maksimum 4 år totalt) dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Ved postdoktorstilling knytt til eksternt finansierte prosjekter, vil fullføring av planen for kvalifikasjonsarbeidet skje i dialog med prosjektleiar/senterleiar. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg lønssteg 61 (kode 1352/lønsramme 25, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 535 200,- brutto.). Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd doktorgrad. Doktorgraden må vere dokumentert med vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad, innan 1. januar 2022).
  • relevante attestar
  • liste over vitskapleg arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Evgeny Onishchenko, e-mail: mailto:evgny.onishchenko@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS