LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i klimaprediksjon

Søknadsfrist: 06.01.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som postdoktor innan feltet klimaprediksjon. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og er knytt til Bjerknes klimavarslingsprogram og Climate Futures-senteret for forskingsdrive innovasjon.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stillinga inngår i Bjerknes klimavarslingsprogram og Climate Futures-senteret for forskingsdrive innovasjon. Bjerknes klimavarslingsprogram fokuserer på å varsle klimaet i den atlantiske-arktiske sektoren og kringliggande kontinent frå sesongar til tiår fram i tid, og tek sikte på å utvikle betre klimaprediksjonar ved å tette gapet mellom vêrvarsling og langsiktige klimaframskrivingar. Climate Futures tek sikte på å produsere nye og innovative løysingar for å føreseie og handtere klimarisiko frå 10 dagar til 10 år framover i samarbeid med klynger av partnarar i klima- og vêrutsette sektorar.

El niño-sørleg svinging (ENSO) påverkar globalt klima inkludert den atlantiske-arktiske sektoren og kan føreseiast eit år fram i tid. Ein av utfordringane med numeriske klimaprediksjonar er at klimamodellar har systematiske feil som gjer prediksjonar usikre. Denne stillinga tek sikte på å forstå og kvantifisere korleis slike systematiske feil påverkar prediksjonar generelt, prediksjonar av ENSO og kva ENSO påverkar. Oppgåvene vil involvere analyse av den norske klimaprediksjonsmodellen (NorCPM) og andre tilgjengelege prediksjonsmodellar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor klima, oseanografi, meteorologi, fysikk eller matematikk eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring innan klimadynamikk og klimaforsking, samt erfaring med å analysere store datasett frå klimamodellar er eit krav.
  • Gode programmeringsferdigheiter innan Python, MATLAB eller liknande språk er eit krav.
  • Søkaren bør har god oversikt over både atmosfære og havdynamikk, i tillegg til koplingar mellom hav og atmosfære.
  • Erfaring med klimaprediksjonar er ein føremon.
  • Erfaring med tropisk klimadynamikk er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Erfaring frå privat eller offentleg sektor er ein føremon.
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg, er ein føremon.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 3 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 60 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 535 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Lea Svendsen, Geofysisk Institutt, Universitetet i Bergen, tlf: +47 93881398, e-post: lea.svendsen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS