LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i informatikk og beregningsorientert biologi

Søknadsfrist: 24.11.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktor i informatikk og beregningsorientert biologi

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som postdoktor i informatikk og beregningsorientert biologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år.

Stillinga er knytt til prosjektet «Intelligente datasystem for personleg og presis risikoprognose og diagnose av ikkje-smittsame sjukdommer» (INTRePID), finansiert av Forskingsrådet.

Om instituttet

Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom sju forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Alle gruppene har stor eksternfinansiering, blant anna frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. På grunn av den sentrale rolla som informatikk spelar i samfunnet, er instituttet i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 700 studentar, i overkant 150 tilsette, deriblant 35 førsteamanuensar og professorar og 50 stipendiatar. Vi har nyleg etablert Center for Data Science (CEDAS) som ei viktig utviding av aktivitetane våre innan forsking og utdanning. Instituttet huser også Computational Biology Unit (CBU), som vår forskingsgruppe i bioinformatikk er ein del av.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Vi ser etter ein utmerka kandidat som har eit sterk ynskje om å bidra til framifrå forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet. Arbeidsplass for denne stillinga vil vere ved CBU si gruppe for bioinformatikk og maskinlæring, leia av Professor Tom Michoel.

INTRePID-prosjektet skal utvikla intelligente datasystem for personleg og presis risikoprognose, og diagnose av ikkje-smittsame sjukdomar frå multi-omics data, ved å utvikla, implementera og validera nye algoritmar for strukturlæring og inferens i storskala kausal Bayesian genetiske nettverk. Dette prosjektet vil ha prioritert tilgang til ein unik ressurs med multi-omics data frå fire nordiske land, generert av prosjektpartnerane for ein «proof-of-concept» applikasjon innan kardiovaskulær medisin.

Den som vert tilsett, vil vere ansvarleg for implementering av eit intelligent system for risikoprognose om koronararteriesjukdom. Dette vil innebera integrering av genomikk, transkriptomikk, proteomikk og fenotypiske data frå deltakare i fire store studiar i Noreg, Sverige, Finland og Island, og bruk og validering av årsakssamanhengane og Bayesian nettverk metodar. Stillinga krev eit breitt spekter av ferdigheiter innan berekningsorientert biologi, og evne til å kommunisera effektivt med medisinske og kliniske forskarar. Eit stort budsjett vil vera tilgjengeleg for å gjennomføra opplæring i grensesnittet mellom maskinlæring og presisjonsmedisin, reisa til prosjektpartnerar og deltaking på internasjonale konferansar.

Meir informasjon om forskingsgruppa finn du her.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor beregningsorientert biologi, bioinformatikk, statistisk genetikk, eller relatert disiplin. Ph.d.-studentar kan søkje om disputas er gjennomført innan 01.05.2021. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Dokumentert evne til kommunikasjon av forskingsresultatet (publikasjonar i fagfellevurderte vitskapelege tidsskrifter, presentasjonar på internasjonale vitskapelege konferansar, etc.) er eit krav.
  • Erfaring med årsaksslutning er eit krav.
  • Erfaring med multi-omics dataintegrasjon er eit krav.
  • Erfaring med anvendeleg av maskinlæringsmetoder på verkelege data er eit krav.
  • Erfaring med programmering og analyse av data i Python er eit krav.
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid er eit krav.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 4 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 60 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 532 300,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd doktorgrad. Doktorgraden må vere dokumentert med vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad, innan 01.05.2021.
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge innan 24.11.2020

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte førespurnader ta kontakt med Lene Sørheim

Ansettelse er underlagt godkjenning i henhold til loven om eksportkontroll.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS