LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i eksperimentell tungionefysikk

Søknadsfrist: 18.04.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktor i eksperimentell tungionefysikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som postdoktor i eksperimentell tungionefysikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år og er finansiert av Norges Forskningsråd.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stillinga er knytt til den norske aktiviteten i ALICE-prosjektet på CERN, finansiert av Norges Forskningsråd. Tungionegruppa ved Institutt for fysikk og teknologi tek del i ALICE-eksperimentet, som for tida førebur seg på ei tredje runde med datainnsamling frå ultra-relativistiske proton-proton, bly-bly og proton-bly-kollisjonar ved Large Hadron Collider på CERN (LHC Run-3). ALICE tek sikte på å kunne karakterisere kvark-gluon-plasma ved hjelp av gode system for partikkelidentifikasjon ved låg og midlare rørslemengd. Til dette nyttar ein målingar av sjeldne signal, mellom anna partiklar som inneheld tunge kvarkar ("heavy flavours").

Kandidaten skal arbeide innan analyse og tolking av data registrert av ALICE i Run-3. Primærfokus for den norske ALICE-aktiviteten i Run 2-perioden er kvantitative studium av partonisk materie som blir danna i tidlege fasar av tungionekollisjonar samt innverknad av effektar frå kald kjernematerie, ved å ta i bruk sjeldne signal som inneheld tunge kvarkar, særleg "charmonia". Andre analysetema kan vere gjennomtrengande partiklar som fotoner og "jets", samt ultraperifere kollisjonar. Denne stipendiatstillinga er primært retta mot studium av "charmonium"-produksjon ved midt-rapiditet, målt i di-elektron-kanalen, og å utvide programmet til "non-prompt charmonia" frå b-kvarker og korrelasjoner f.eks. med "jets". Kandidaten vil vere basert i Bergen, men må rekne med å bruke tid på eksperimentelle målingar og andre ALICE-aktivitetar på CERN i Genève.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.–grad eller tilsvarande utdanning innanfor eksperimentell tungionefysikk/høgenergi subatomær fysikk eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • Røynsle frå arbeid i store eksperiment, kunnskap om ALICE-analyse, programvare og programmering, samt vitskapleg profil i tråd med aktivitetane i dei norske ALICE-gruppene (skissert ovanfor) er sterkt ønskeleg
  • Gode kunnskapar i programmering med røynsle frå data-analyse og/eller simulering er naudsynt
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 6 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 60 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 532 300,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS