Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor i eksperimentell partikkelfysikk

Søknadsfrist: 05.11.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling i eksperimentell partikkelfysikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som postdoktor i eksperimentell partikkelfysikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år. Stillinga er knytt til eit prosjekt finansiert av GRIEG-programmet "Understanding the Early Universe: interplay of theory and collider experiments" i samarbeid med gruppa for teoretisk fysikk ved universitetet i Warszawa. Arbeidsplassen vil vere i Bergen, med moglegheiter for hyppige reiser til CERN og universitetet i Warszawa.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Dette prosjektet vil bli gjennomført som ein del av gruppa for eksperimentell partikkelfysikk si deltaking i ATLAS eksperimentet ved CERNs LHC (Large Hadron Collider). Dette eksperimentet, som er eit samarbeid mellom fleire tusen fysikarar frå heile verda, samlar data frå kollisjonar mellom proton ved svært høg energi. Forskingsgruppa i Bergen har lang erfaring i å utføre målingar som forbetrar kunnskapen om kjente partiklar og prosessar slik dei er skildra i Standardmodellen for elementærpartiklane, og dessutan leite etter nye partiklar og fenomen som for eksempel kan forklare eksistensen av mørk materie. Formålet med prosjektet er å bidra til formuleringa av ein teori som inneheld meir enn Standardmodellen slik at den bidrar til vår forståing av det tidlege univers.

Bergensgruppa har søkt etter nye partiklar i henfall som innheld tau-leptoner, eller som blir produsert saman med eit Higgs-boson, der Higgs-bosonet henfaller til to tau-leptoner. Dette prosjektet vil vidareføre arbeidet med søk etter mørk materie produsert saman med Higgs-bosonet. Bidrag til søk etter mono-jets i ATLAS data er også mogleg. Studiane vil bli gjennomført i nært samarbeid med teorigruppa i Warszawa.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor eksperimentell partikkelfysikk eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå dataanalyse i ATLAS eller CMS eksperiment ein sterk føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Gode norskkunnskapar er ein føremon.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 4 år. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 60 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 532 300,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS