LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i djuphavsmikrobiologi

Søknadsfrist: 09.11.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling i djuphavsmikrobiologi

Ved Institutt for biovitenskap, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som postdoktor i Djuphavsmikrobiologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og knytt til det eksternt finansierte prosjektet "INDEPTH: Life at the limits: diversity, adaptation strategies and bioprospecting of microbes living in the Arctic deep-sea habitats”, GRIEG, Europeisk Økonomisk Samarbeidsområde/Norge finansiering. INDEPTH er ledet ved Universitetet Gdańsk, med partnerar frå Institutt for bioorganisk kjemi, det polske vitenskapsakademiet, ved Universitetet i Warszawa, Nasjonalt forskingssenter og ved UiB.

Om prosjektet

INDEPTH fokuserer på djuphavet sine økosystem lokalisert på den arktiske midthavsryggen.

Identifisering og karakterisering av metabolske veger og enzym, som fører til at mikrobar kan trivest i djupe havområde, er ønska hovudresultat for dette prosjektet.

Den valte kandidaten vil arbeide med genomanalyse og karakterisering av utskilte enzym, slik som proteaser, nukleaser og lytiske enzym, frå proteolytiske mikrobielle taksa som førekjem hyppig og er utbredt i det arktiske djuphavet sine økosystem.

Vidare vil kandidaten delta i in silico identifikasjon og karakterisering av enzym som kan gje kunnskap om vedlikehold og utvikling av mikrobielle genom (DNA -replikasjon og transkripsjonsenzym, DNA/RNA ligaser, helikaser, rekombinaser og SSP protein) i mikroorganismar tilpassa til å trivst under ekstreme miljøforhold. Det kan vere høve for opphald hos partnerar i utlandet i INDEPTH-prosjektet.

Arbeidsoppgåver

  • Annotere ekstracellulære enzym i marine, proteolytiske mikrobielle taksa.
  • I (meta)genom-data in silico identifisere enzym av interesse i INDEPTH -konsortiet.
  • Utføre fylogentiske analyser av enzym.
  • Optimalisere heterolog uttrykking av enzym i Escherichia coli.
  • Utføre biokjemisk karakterisering av utvalde ekstracellulære enzym.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor mikrobiologi, molekylærbiologi/genetikk, bioinformatikk eller andre relaterte felt, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing.
  • Erfaring med in silico identifisering og utveljing av enzym frå marine metagenom-data er eit krav.
  • Erfaring med folygenetisk analyse av enzymer er eit krav.
  • Erfaring med produksjon av enzym koda av marine virus og bakteriar er eit krav.
  • Erfaring med produksjon av både termostabile og psykrofile marine enzym er ein føremon.
  • Erfaring med DNA modifiserande enzym er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellom menneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga: Evner og motivasjon til å jobba sjølvstendig i større internasjonale forskningskonsortier er ein føremon.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å leggje til undervisning og anna pliktarbeid for instituttet som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 61 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 5) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 553 500. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Ida Helene Steen, Institutt for biovitenskap, Universitetet i Bergen. E-post: Ida.Steen@uib.no, Telefon: +47 993 46 963

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

tter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS