LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i biostatistikk

Søknadsfrist: 01.07.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling i biostatistikk

Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som postdoktor i forskingsgruppa for statistikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og knytt til Senter for antimikrobiell resistens (CAMRIA), støtta av Trond Mohn stifting.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Anitmikrobiell resistens (AMR), der bakteriar som forårsakar sjukdom, utviklar resistens mot lækjemiddel vi nyttar til å behandle infeksjonar, er eit stort og veksande globalt helseproblem. For å forme passande strategiar til å kjempe mot AMR er vi nøydde til forstå korleis denne utviklinga går føre seg. Ved Universitet i Bergen har vi utvikla metodar i statistisk inferens for å føresjå dei evolusjonære vegane til AMR-framvekst.

I dette prosjektet vil vi vidareutvikle, generalisere, og nytte desse metodane på genetiske og fenotypiske data frå kliniske samarbeidspartnarar og forskingslitteraturen for å skape handlingsføre føreseiingar for AMR-framvekst, og kva som forårsakar det, på eit globalt plan. Eit hovudmål er å samanlikne AMR-utvikling på tvers av land og demografi, for å kunne betre forstå mangfaldet i korleis denne utviklinga føregår, og korleis ein best kan forme spesifikke behandlingar over heile verda. Prosjektet tek sikte på å utvikle og nytte statistiske metodar basert på Markov- og skjulte Markov modellar, saman med verktøy for parameterinferens og modellval, for å avdekke dynamikken i korleis genetiske og fenotypiske trekk ved AMR utviklar seg i bakteriar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor statistikk, anvendt matematikk, eller tilsvarande fagområde. Ph.d.-studentar kan søkje om disputas er gjennomført innan 1.august 2022. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring med å byggje statistiske modellar, utleiing av deira parameter gjeve data, og skape publiserbar koding er eit krav.
  • Erfaring med fylgjande tilnærmingar: Markov modellar, skjulte Markov modellar, Bayesianske modellval (inkludert RJMCMC) og arbeid med genetiske data, er ein føremoner.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga: Prosjektet inneber tett samarbeid med klinikarar, og moglegheit til å jobbe i eit klinisk laboratorium. Evna til å kommunisere med samarbeidspartnarar frå ulike miljø er ein føremon.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden med 3 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 62 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 6) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 563 900 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd doktorgrad. Doktorgraden må vere dokumentert med vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad, innan 01.08.2022.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS