LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor (3 år) - Klinisk institutt 2

Søknadsfrist: 15.09.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling (3 år)

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei stilling som postdoktor (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet ” NORCAP: Impact of Molecular Point-of-Care Testing on Improved Diagnosis, Treatment and Management of CAP in NORWAY: a pragmatic RCT – 288718 ”, finansiert av Norges Forskningsråd. Oppstartsdato: 1. oktober 2021, eller etter nærare avtale.

Stillinga er knytt til forskingsprosjektet NORCAP: Betydinga av pasientnær diagnostikk for behandling av pasientar med samfunnserverva lungebetennelse. Prosjektet har fått godkjenning frå REK (Regionale komitear for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk). Den randomiserte kliniske undersøkinga (RCT) er i ei aktiv fase med rekruttering av pasientar. NORCAP samlar ei gruppe forskarar med brei kunnskap innan lungesjukdomar som ønskjer å studere korleis diagnostikk og behandling av samfunnserverva lungeinfeksjon (CAP) og sjukehuserverva lungeinfeksjon (HAP og VAP) i Norge kan gjerast betre. Pasientar som vert rekruttert ved Haukeland universitetssjukehus, Bergen, vil få tilbod om ultra-rask og presis molekylær diagnostikk. Det vil undersøkjast om og i kor stor grad diagnostikken kan leie til rettare bruk av antibiotika og til kortare behandlingstid.

Vi søkjer ein kandidat med engasjement for fagområdet og for forsking, helst med legevitskapleg bakgrunn. Kvalifikasjonane til søkjarane og forskingsnettverket der søkjar har doktorgraden frå, vil vere avgjerande. Som postdoktor vil du inngå i eit tverrfagleg nasjonalt og internasjonalt forskarteam knytt til BIDS (Bergen Integrated Diagnostic Stewardship Cluster) gruppa ved Klinisk institutt 2 (K2), Det medisinske fakultet, UiB, med bl.a. legar, statistikarar, og molekylærbiologar. Den rette kandidaten vil inngå i eit stort og breitt forskingsmiljø og vil få gode moglegheiter til å forme eigne arbeidsoppgåver og forskingsbidrag.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Arbeidsområda som er aktuelle for postdoktorprosjektet vil vere knytt til vidare utvikling av molekylærbiologisk diagnostikk, inkludert metagenomiske teknikkar og i transkriptomiske metodar til bruk i biomarkørstudiar knytt til luftvegsinfeksjonar. Forskingsprosjektet vert leia av professor dr. med. Harleen Grewal, K2, Universitetet i Bergen og Haukeland universitetssjukehus og professor dr.med. Elling Ulvestad, avdelingssjef Mikrobiologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus.

  • designe og rettleie laboratoriearbeid, inkludert analyse av forskingsdata
  • skrive artiklar og publisere resultata i internasjonale vitskaplege tidsskrift med fagfellevurdering
  • delta i kvalitetssikring, vedlikehald, analyse og lagring av data
  • bidra til rettleiing av master- og doktorgradsstudentar
  • bidra til fagleg utvikling i BIDS gruppa og på instituttet

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor (til dømes microbial genomics, bioinformatics, computational biology, molecular biology, biomarker research) eller ha levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje og seinast innan 20.01.2022
  • søkjar må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på engelsk
  • den som vert tilsett må ha minst to-tre førsteforfattarpublikasjonar i gode vitskaplege tidsskrift
  • det er ønskeleg med bakgrunn i genomisk/transkriptomisk dataanalyse
  • det er ønskeleg med erfaring med nyare sekvenseringsmetodar inkludert MinION
  • i stillinga er det viktig å kunne jobbe sjølvstendig, effektivt og målretta

Følgande kvalifikasjonar vil vere ein føremon:

  • kunnskap om, SPSS, R- og Python
  • erfaring med analyse av genomiske/transkriptomiske data
  • dyktig i datahandsaming og analyse av data med høg gjennomstrøyming
  • arbeidskunnskap i statistikk og erfaring med relevante statistikk-program
  • erfaring frå klinisk forskingsarbeid

For at søknaden skal verte vurdert, må kandidaten byte forskingsmiljø frå der ph.d. arbeidet vart gjennomført.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Ved postdoktorstilling knytt til eksternt finansierte prosjekter, vil fullføring av planen for kvalifikasjonsarbeidet skje i dialog med prosjektleiar/senterleiar. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • løn etter lønssteg 62 (kode 1352/lønsramme 24.6) for tida kr 563 900, med medisinsk/odontologisk embetseksamen lønssteg 63 (kode 1352/lønsramme 24.7) for tida kr 574 700, med spesialistutdanning lønssteg 65 (kode 1352/lønsramme 24.9) for tida kr 594 300, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på innlevert avhandling
  • relevante attestar
  • publikasjonsliste vitskaplege arbeid; Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda til å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å stå på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS