LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor (3 år) - Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Søknadsfrist: 12.09.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktor (3 år)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei mellombels stilling som postdoktor (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet ” TIMESPAN - Management of chronic cardiometabolic disease and treatment discontinuity in adult ADHD patients”, finansiert av EU under Horizon 2020 programmet.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Personar med ADHD har betydeleg risiko for kardiometabolske sjukdommar som diabetes type 2, overvekt og kardiovaskulær sjukdom i vaksen alder. Mangelfull behandling av kardiometabolske sjukdommar gir auka risiko for tidleg død og store samfunnskostnader. Ifølgje retningslinjer for behandling er det viktig å ta omsyn til eventuelle psykiske lidingar hos pasientar med kardiometabolsk sjukdom. Sjølv om ADHD er ei vanleg og alvorleg kronisk liding hos vaksne (ca. 2-5 %), er det lite kunnskap om korleis ein best behandlar vaksne med både ADHD og kardiometabolsk sjukdom. TIMESPAN vil undersøkje denne problemstillinga blant anna ved å nytte data frå register og kohortstudiar i fleire land.

Den aktuelle stillinga er knytt til bruk av kopla registerdata frå Noreg, men resultata vil bli samanstilte med resultat frå andre land, og det vil vere tett samarbeid med desse landa. Med utgangspunkt i eit stort nasjonalt datasett med opplysningar frå Medisinsk fødselsregister, Reseptregisteret, Norsk pasientregister og andre nasjonale databasar, er målet

  • å beskrive kontinuitet og pausar i medikamentell ADHD behandling hos vaksne med ADHD med og utan kardiometabolsk tilleggssjukdom («behandlingsvegar»),
  • undersøkje om slike «behandlingsvegar» varierer mellom ulike land eller med sosiodemografiske og kliniske kjenneteikn, kven som er behandlar (primærlækjar eller psykiater) og tilleggssjukdommar,
  • undersøkje om behandling av og prognose ved kardiometabolsk sjukdom er ulik hos vaksne med og utan ADHD, og om medikamentell ADHD behandling påverkar dette

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor epidemiologi, fortrinnsvis farmakoepidemiologi eller psykiatrisk epidemiologi, eller statistikk eller ha levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje og seinast innan 31. januar 2022
  • søkjar må ha erfaring i bruk av ulike statistiske programpakkar for analyse av store epidemiologiske datasett. Erfaring med bruk av R er ein fordel
  • søkjar må kunne nytte norsk og engelsk munnleg og skriftleg
  • søkjar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner, også i internasjonale prosjektgrupper

For at søknaden skal verte vurdert, må kandidaten byte forskingsmiljø frå der ph.d. arbeidet vart gjennomført.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Den tilsette kan bli pålagt pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid vedinstituttet.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • løn etter lønssteg 62 (kode 1352/lønsramme 24.6) for tida kr 563 900, med medisinsk/odontologisk embetseksamen lønssteg 63 (kode 1352/lønsramme 24.7) for tida kr 574 700, med spesialistutdanning lønssteg 65 (kode 1352/lønsramme 24.9) for tida kr 594 300, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • ode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på innlevert avhandling
  • relevante attestar
  • publikasjonsliste
  • vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

  • Professor Kari Klungsøyr, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, e-post: kari.klungsoyr@uib.no, telefon: (+47)55 58 85 35

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å stå på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS