LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktorstilling innan paleo- og nåtidsmodellering med isotopbaserte klimamodellar

Søknadsfrist: 31.07.2024

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt. 

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling 

Ved Geofysisk institutt er det ei ledig postdoktorstilling innan paleo- og nåtidsmodellering av klima med isotopar. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og knytt til ulike prosjekt ved Bjerknessenteret og Geofysisk institutt.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Postdoktorkandidaten vil vere ansvarleg for å utvikle regionale klimamodellars inkludering av isotopar ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret for klimaforsking. Spesifikt vil fokuset vere på å samanlikne observasjonar og modellsimuleringar av den stabile isotopsamansetnaden i hydrologisk syklus over Nord-Atlanteren, Grønland, Antarktis og Tibetplatået. Kandidaten vil nytte eit aukande sett med observasjonar av vanndamp og nedbør frå heilårsmålingar ved tårn, isotop-fluksmålingar og vertikale profilar frå dronar og ballongar. Som ein del av arbeidet vil kandidaten òg bruke feltobservasjonar av prosessar for snø-luftutveksling frå kampanjar på Grønland og Antarktis. Målet med forskinga vil vere å forstå drivkreftene bak den atmosfæriske hydrologiske syklusen i fortid og nåtid. Kandidaten vil derfor samarbeide tett med paleoklima-gruppa ved Bjerknessenteret for klimaforsking og bli ein viktig ressurs for Bjerknessamfunnet. Ved hjelp av ei rekkje proxy-modellar, regional klimamodellering og globale jordmodellar vil forskaren bruke paleo-dataassimilering som eit integrert verktøy i forskingsporteføljen. Postdoktorkandidaten vil jobbe i ei svært internasjonal gruppe og byggje bru mellom observasjons- og modelleringsmiljøet, og interesse og evne for samarbeid er vektlagt.

Arbeidet vil vere i samband med pågåande CORDEX (Coordinated Regional Climate Downscaling Experiment)-initiativ som CPTP og NFR-prosjektet iTRANSFER, samt framtidige EU-finansierte prosjekt, samt nyleg avslutta prosjekt som ERC-prosjektet SNOWISO.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha ein doktorgrad eller tilsvarande innan polar-, klima- eller atmosfærevitskap, eller ha levert doktorgradsavhandlinga si til vurdering før søknadsfristen. Det er ein føresetnad for tilsetjing at doktorgraden er tildelt.
  • Erfaring frå både regional og global klimamodellering er eit krav.
  • Erfaring frå vannisotopforsking er eit krav.
  • Erfaring frå feltarbeid er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha evna til å samarbeide med andre.
  • Søkjarar må ha utmerkte ferdigheiter i munnleg og skriftleg engelsk.

Personlege og relasjonelle eigenskapar vil bli vektlagt. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil òg telje ved evaluering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 9 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. 

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. 

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 624 500 (tilsvarande lønssteg 64). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. 
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga. 
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Hans Christian Steen-Larsen, Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen, Hans.Christian.Steen-Larsen@uib.no

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgjevar Maria Svåsand, maria.svasand@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS