LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktorstilling i medievitskap

Søknadsfrist: 15.12.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Institutt for informasjons- og medievitskap er det ledig ei stilling som postdoktor i medievitskap.

Vi ser etter ein ambisiøs forskar som vil bidra til å utvikle ein ny agenda for forsking på borgaranes forhold til politikk og til offentleg debatt. Postdoktoren skal vere del av ei gruppe som arbeidar med prosjektet “Distributed and prepared. A new theory of citizens’ public connection networks in the age of datafication” (PREPARE). Prosjektet er finansiert av det europeiske forskningsrådet, og leia av professor Hallvard Moe. Stillinga er for ein periode på fire år

Om arbeidsoppgåver:

PREPARE analyserer verknaden algoritmestyrte media og eit datafisert kvardagsliv har på borgaranes moglegheiter til politisk engasjement. Prosjektet skal staka ut ein ny kurs for forsking på borgaranes rolle i demokratiet, og utvikla normativ teori om folks orientering mot politikk og samfunnsliv. PREPARE sine forskingsspørsmål handlar om korleis folk er førebudd på å engasjera seg, og kva ressursar dei treng for det engasjementet. Målet er å utpensla ein ny teori gjennom bruk av etnografi og digitale metodar. Prosjektet skal studera såkalla fråkopla borgarar.

Postdoktoren skal gjennomføre feltarbeid med kvalitative og digitale metodar for å forstå korleis ei gruppe borgarar koplar seg til offentlegheita. Relevant grupper inkluderer unge urbane andregenerasjonsinnvandrarar, eldre i bygdesamfunn eller kvinner i prekære jobbar. Relevante tema inkluderer datafisering, digitale media i kvardagslivet, og rolle til sosiale media for politisk informasjon, og teoriar som handlar om borgaranes rolle i demokratiet. Søkarar skal skissere eit postdoktorprosjekt som vil utviklast vidare i samarbeid med prosjektleiar etter tilsetting.

Postdoktoren vil arbeide i ei dynamisk, tverrdisiplinært gruppe, som del av PREPARE-prosjektet og Mediebruksgruppa, som utgjer eit stimulerande miljø for unge forskarar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor medievitskap, antropologi, sosiologi, eller andre relevante fag, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Dokumentert interesse for tema knytt til mediebruk og demokrati.
  • Erfaring med etnografiske tilnærmingar, kvalitative metodar, samt digitale metodar er ein føremonn.
  • Arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner for å kunne bidra til ei ambisiøs forskingsgruppe.
  • Nytte engelsk skriftleg og munnleg.
  • Gode norskkunnskapar og innsikt i det norske samfunnet er ein føremon, men ikkje eit krav.

Aktuelle kandidatar vil bli invitert til intervju.

Søkarar bør gjere seg kjent med forskingsprofilen til Mediebruksgruppa, sjå her. For informasjon om prosjektet, sjå her . Relevante publikasjoner inkluderar:Hallvard Moe (2021) Distributed Readiness Citizenship: A Realistic, Normative Concept for Citizens’ Public Connection, Communication Theory, 30 (2), 205–225, https://doi.org/10.1093/ct/qtz016, og Brita Ytre-Arne & Hallvard Moe (2018) Approximately Informed, Occasionally Monitorial? Reconsidering Normative Citizen Ideals. The International Journal of Press/Politics, 23(2), 227–246. https://doi.org/10.1177/1940161218771903.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er fire år. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Ved postdoktorstilling knytt til eksternt finansierte prosjekter, vil fullføring av planen for kvalifikasjonsarbeidet skje i dialog med prosjektleiar/senterleiar. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter årslønn NOK 573 900.- (ltr. 62) i det statlege regulativ ved tilsetjing, (kode 1352). Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Ein plan for forskingsarbeidet i form av ei prosjektskisse på omlag 4 sider som svarer på arbeidsoppgåvene, kort beskriv potensielle tema, case-studiar, metoder, samt publikasjon- og framdriftsplan, skal følgje søknaden.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert.
  • Relevante attestar.
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
  • Vitskaplege publikasjonar (inntil 3).

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge.

Søknadsfrist: 15.12.22.

Søknaden skal merkast: 22/16817

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Hallvard Moe, hallvard.moe@uib.no

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til: Seniorkonsulent HR Pernille Hole, pernille.hole@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS