Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Postdoktorstilling
Vi søkjer ein ambisiøs forskar som vil bidra i utviklinga av ein ny agenda for å forske på borgarane sitt forhold til det offentlege rom i Noreg. Postdoktoren vil inngå i teamet for prosjektet «Distribuert og forberedt. Ein ny teori om borgaranes offentlege tilknytingsnettverk i datafiseringens tidsalder» (PREPARE), finansiert av The European Research Council (2023-2027) og leia av professor Hallvard Moe. Stillinga er på heiltid for ei periode på 3 år.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
PREPARE analyserer borgarar sitt potensial for politisk engasjement. Med posisjon i medie- og kommunikasjonsvitskap, men med utgangspunkt i politisk teori, antropologi og sosiologi, vil prosjektet stake ut ein ny veg for forsking på borgarane si rolle i demokratiet.
Postdoktoren skal gjennomføre feltarbeid med kvalitative metodar. Vi konsentrerer oss om vanskeleg tilgjengelege sosiale grupper for å skjøne korleis dei koplar seg på offentlegheita og engasjerer seg i politikk i vid forstand. Grupper som er planlagd studerte i prosjektet så langt inkluderer innvandrarar og eldre menneske i distrikts-Noreg. Det er forventa at postdoktoren foreslår ein eller fleire relevante samfunnsgrupper å studere i sitt prosjektforslag.
Aktuelle tema kan vere digitale medier i kvardagen, politisk engasjement og teoriar som tek for seg borgarane sine roller i demokratiet. Søkjarar bør foreslå ei skisse for eit postdoktorprosjekt, som blir videreutvikla i samarbeid med prosjektleiar ved tilsetjing.
Postdoktoren vil arbeide i eit dynamisk, tverrfagleg og inkluderande team, som del av PREPARE-prosjektet og Mediebruksgruppa, som utgjer eit stimulerande miljø for unge forskarar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha oppnådd ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor medievitskap, antropologi, statsvitskap/samanliknande politikk, sosiologi eller andre relevante disiplinar - eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
Dokumentert interesse for spørsmål knytt til mediebruk og demokrati.
Erfaring frå etnografiske tilnærmingar, kvalitative metodar, samt digitale metodar er ein fordel.
Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert for å bidra til ei ambisiøs forskingsgruppe.
Evne til å bidra til eit dynamisk og inkluderande forskingsmiljø.
Kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg
Gode kunnskapar i eit skandinavisk språk
Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju.
PREPARE si prosjektside. Prosjektsøknaden kan også delast på forespørsel.
Relevante publikasjonar:
Hallvard Moe (2021) Distributed Readiness Citizenship: A Realistic, Normative Concept for Citizens’ Public Connection, Communication Theory, 30 (2), 205-225, https://doi.org/10.1093/ct/qtz016
Brita Ytre-Arne & Hallvard Moe (2018). Approximately Informed, Occasionally Monitorial? Reconsidering Normative Citizen Ideals. The International Journal of Press/Politics, 23(2), 227-246. https://doi.org/10.1177/1940161218771903.
Om postdoktorstillinga:
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Ein plan for forskingsarbeidet i form av ei prosjektskisse på 4-5 sider skal følgje søknaden. Prosjektskissa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet, og ein publiseringsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Vi tilbyr:
Eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
Løn etter 615 700 NOK årlig i det statlege regulativ ved tilsetjing, (ltr. 63/kode 1352) - Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.