LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor ved Broegelmanns forskningslaboratorium

Søknadsfrist: 18.06.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

POSTDOKTOR VED BROEGELMANNS FORSKNINGSLABORATORIUM

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling 

Ved Det medisinske fakultet, Broegelmanns forskningslaboratorium, Klinisk instiutt 2, er det ledig ei stilling som postdoktor (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet” The molecular basis of sex-differences in Sjögren's syndrome”, finansiert av Norges forskningsråd.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Revmatiske sykdommer rammer rundt 2 % av befolkningen, og fører til høy sykelighet og økt dødelighet. Det er et kritisk behov for bedre diagnostiske verktøy og spesifikke terapier for denne familien av lidelser, men vi mangler fortsatt forståelse for de patogene mekanismene som fører til disse sykdommene. Generelt er revmatiske sykdommer mer utbredt hos kvinner enn hos menn, og Sjögrens syndrom har blant de høyeste observerte kvinne-til-mann-forhold på rundt 9:1. Gitt den høye kjønnsskjevheten i Sjögrens syndrom, er denne sykdommen ideell for å forstå de molekylære mekanismene som driver kjønnsskjevheten. Prosjektet innebærer karakterisering av kjønnspåvirket ekspresjonskvantitative loki av Sjögren-assosierte genetiske polymorfismer i pasientavledet biologisk materiale. Mindre spyttkjertelbiopsier og perifert blod fra pasienter og kontroller forberedes for enten enkeltcelle- eller bulk-RNA-sekvensering for å identifisere ekspresjon av gener som er regulert og korrelert til kliniske sykdomsrelaterte trekk, inkludert ultralydmålinger av spyttkjertler.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor relevant fagfelt eller ha levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje og seinast innan 5 månadar etter søknadsfrist
  • Søkjar må ha cand.med. med norsk autorisasjon 
  • Søkjar må ha erfaring fra klinisk arbeid med pasienter med Sjögrens syndrom 
  • Det krevjast erfaring med ultralydundersøkelse av spyttkjertler 
  • Det krevjast kunnskap om genetiske assosiasjoner til Sjögrens syndrom samt kunnskap om immunologiske prosesser ved Sjögrens syndrom 
  • Erfaring med enkeltcelleanalyser er en fordel 
  • Det krevjast gode ferdigheiter i både norsk og engelsk munnleg og skriftleg 
  • Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner 
  • Personlege og relasjonelle eigenskapar vert vektlagt

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Ved postdoktorstilling knytt til eksternt finansierte prosjekter, vil fullføring av planen for kvalifikasjonsarbeidet skje i dialog med prosjektleiar/senterleiar. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Den tilsette kan bli pålagt pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet. 

Se forskrift om tilsetjingsvilkår for postdoktor, stipendiat mv.

Vi tilbyr:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø 
  •  Løn for tida kr 615 700 (kode 1352, lønssteg 63) i lønsregulativet i staten. For søkjarar med medisinsk/odontologisk embetseksamen er løn for tida kr 624 500 (kode 1352, lønssteg 64). For søkjarar med spesialistutdanning er løn for tida kr 646 000 (kode 1352, lønssteg 66).
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga 
  • Karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på innlevert avhandling 
  • Relevante attestar
  • Publikasjonsliste 
  • Vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Silke Appel, e-post: silke.appel@uib.no, telefon: +47 55 97 46 33

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS