Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Postdoktorstilling i medisinsk statistikk
Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som postdoktor i medisinsk statistikk frå 01.09.2023. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år, med moglegheit for ein forlenging på eitt år.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Vi søkjer ein kandidat med ein sterk bakgrunn innan statistikk, og med forskingsinteresse innan medisin, biostatistikk eller epidemiologi. Stillinga er ein del av ein vidareutvikling av samarbeidet mellom Matematisk institutt og de medisinske miljøa i Bergen. Den som vert tilsett vil vere ein del av forskingsgruppa i statistikk og data science ved Matematisk institutt, og vil også å ta aktivt del i forskingsmessig samarbeid med det Medisinske fakultet ved UiB.
Moglege forskningstema for stillinga er relatert til dei følgjande prosjekta;
(3) Pågåande prosjekt i statistikk og data science gruppa ved Matematisk institutt, UiB.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor statistikk, inkludert biostatistikk, medisinsk statistikk eller epidemiologi eller liknande fagfelt, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Erfaring frå dataanalyse og programmering (for eksempel R eller Python) er eit krav.
Erfaring med rettleiing- og pedagogisk kompetanse er ein føremon.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga:
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Om postdoktorstillinga
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Inntil 25 % av tida vil bestå av oppgåver knytt til undervisning, formidling av resultat og administrasjon. Dersom stillinga utvidast til 4 år, vil inntil 10% av fjerde år vere via til undervisning, rettleiing og formidling av resultat. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan. I samsvar med Forskingsrådet sine reglar, kan heller ingen tilsetjast fleire gonger i NFR-finansierte postdoktorstillingar.
Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Vi tilbyr:
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
stilling som postdoktor (kode 1352 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn på kr. 573 900,- (svarar til lønssteg 62) ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.