Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Postdoktor i digital kultur - 2 stillingar
Velkomen som søkjar til to ledige postdoktorstillingar i digital kultur ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier med oppstart 01.09.2024, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år.
Om Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE)
Instituttet har om lag 80 vitskaplege tilsette, 15 administrativt tilsette, og om lag 40 stipendiatar og postdoktorar. Vi tilbyr studieprogram i digital kultur, kunsthistorie, teatervitskap, litteraturvitskap, lingvistikk, klassisk filologi, nordisk språk og litteratur, norrøn filologi, norsk som andrespråk og norskkurs for utanlandske studentar og tilsette ved Universitetet i Bergen. LLE er óg stolt vertskap for eit senter for framifrå forsking, Senter for digitale forteljingar, og for tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg.
Om prosjektet
Prosjektet «Algorithmic folklore: The mutual shaping of vernacular creativity and automation» (ALGOFOLK) er finansiert av Trond Mohn Forskingsstiftelse, og er leia av Gabriele de Seta. Prosjektet studerer korleis algoritmar endrar forholdet mellom kreativitet og automatisering over heile kloden, ved å bruke ein kombinasjon av etnografisk forsking og metodar frå digital humaniora. Les meir om prosjektet her.
Om postdoktorstillinga
Postdoktorstillinga har ei ramme på tre år, og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Den som blir tilsett må utarbeide ein plan for dette kvalifiseringsarbeidet i samråd med instituttleiar. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett, gjennomfører postdoktorprosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Tilsetjing i postdoktorstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Søkjaren må ha norsk doktorgrad (ph.d.) eller tilsvarande utanlandsk grad innan digital kultur, digital humaniora eller anna relatert fagfelt med spesialisering i algoritmisk kultur eller liknande emne. Søkjaren må òg ha dokumentert erfaring frå arbeid med kvalitative forskingsmetodar eller i medievitskap, antropologi, sosiologi, kulturstudie eller anna relatert fagfelt med spesialisering innan digitale media med dokumentert erfaring frå arbeid med etnografiske metodar. Doktoravhandlinga må vere levert før søknadsfristen er ute, og oppnådd doktorgrad er eit vilkår for tilsetjing.
Søkjaren må leggje fram ei prosjektskisse (maks 5 sider) i tråd med måla for ALGOFOLK-prosjektet, det vil seie å bruke metodar frå samfunnsvitskap og digital humaniora til å studere forholdet mellom algoritmisk automatisering og folkeleg kreativitet i ein global kontekst, med ei bestemt vekt på både EU og det globale sør. Skissa må òg innehalde ein framdriftsplan for hovudaktivitetane i prosjektet samt ein plan for publisering av forskingsresultata i internasjonale, anerkjende kanalar.
Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkjaren må beherske engelsk både skriftleg og munnleg.
Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjektomtalane til søkjarane, kor gjennomførlege dei skisserte prosjekta er, kor relevante dei er for prosjektet og deira regionale representasjon i ALGOFOLK-prosjektet, samt dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane.
Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane, vil det bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, samt at søkjaren er motivert og personleg eigna for stillinga.
Vi tilbyr
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
Løn tilsvarande lønssteg 63 (kode 1352) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei bruttoårsløn på kr 615 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
Medlemskap i Statens pensjonskasse.
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.
Søknaden skal innehalde:
Eit følgjebrev med ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
Prosjektomtale (inntil fem sider/12 000 teikn medrekna mellom, litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektomtalen skal skildre det vitskapelege prosjektet tydeleg, med forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, etiske aspekt og ein tidsplan for gjennomføring.
Litteraturliste for prosjektomtalen.
Framdriftsplan for prosjektet og ein plan for publisering i internasjonalt anerkjende kanalar.
Fullstendig liste over alle vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
Inntil fem vitskaplege arbeid (kan inkludere avhandlingar, monografiar og artiklar) som vil bli særleg vektlagde i vurderinga av akademiske kvalifikasjonar.
CV.
Ei kort oppsummering av doktoravhandlinga (inntil tre sider).
Vitnemål og karakterutskrifter som dokumenterer fullført bachelor- og mastergrad, og som viser at doktoravhandlinga er levert inn.
Relevante attestar og stadfestingar.
Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, der ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktoravhandlinga.
Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga og ein fullstendig prosjektbeskriving kan ein få ved å kontakte:
Prosjektleiar Gabriele de Seta, e-post: gabriele.seta@uib.no, telefon: + 47 920 99 270. eller
Instituttleiar, professor Anders Fagerjord, e-post: anders.fagerjord@uib.no, telefon: +47 55 58 36 52
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.