LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor (3 år) ved Senter for alders- og sykehjemsmedisin

Søknadsfrist: 12.02.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktor

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin er det ledig ei åremålsstilling som postdoktor (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til det nyskapande ERC Consolidator grant prosjektet «Decoding Death and Dying in People with Dementia by Digital thanotyping (5-D)» finansiert av European Research Council (ERC).

5-D-prosjektet skal utvikle metodar og digitale verktøy for å identifisere at ein person med demens er i slutten av livet, med sikte på å forstå underliggande smerte og symptom hos menneske som ikkje lenger er i stand til å forklare si liding. Prosjektet vil kombinere tradisjonelle vurderingsskalaer med sensorbaserte målingar, med nye analysar basert på signalbehandling og kunstig intelligens.

5-D er ein del av ei innovativ, aktiv og tverrfagleg forskingsgruppe: Senter for alders- og sykehjemsmedisin (SEFAS), som har fleire pågåande studiar der sensordata frå wearables og radarinstallasjon vert nytta til å overvake symptom, intervensjonseffektar, og sjukdomsforløp hos eldre vaksne og personar med nevrologiske sjukdommar som demens og Parkinsons sjukdom. Professor Bettina S. Husebø er leiar for SEFAS. Senteret har cirka 15 tilsette, og eit stort nettverk både nasjonalt og internasjonalt. SEFAS er partner i Alrek helseklynge, Årstadveien, Bergen, og får støtte av Trond Mohn Stiftelsen relatert til eit Senter for komplekse sykdommer og aldring (CC.AGE).

Les meir om prosjektet her.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Postdoktoren skal samen med stipendiatar utføre datainnsamling og kvantitativ dataanalyse ved bruk av tradisjonelle statistiske teknikkar, men vil og få moglegheit til å lære avansert analyse som signalprosessering, modellering, dynamiske system og/eller kunstig intelligens
  • Postdoktoren vil delta aktivt i rettleiingsprosessen av stipendiatar som hovud- eller medrettleiar
  • Postdoktoren vil inngå i eit tverrfagleg team for å utforme nye utfallsmål for smerte og åtferdsmessige og psykiske symptom ved demens
  • Postdoktoren skal bidra til gjennomføring av studien samen med eit tverrfagleg team av klinikarar, forskarar, ingeniørar, stipendiatar, statistikarar og brukarrepresentantar
  • Postdoktoren skal aktivt inkluderast i SEFAS sitt nasjonale og internasjonale samarbeid

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor ei medisinsk retta utdanning som medisin, sjukepleie, ernæring, farmasi, fysioterapi og så bortetter, eller ha levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje og seinast innan 5 månadar etter søknadsfrist.
  • Tidlegare erfaring frå arbeid med eldre vaksne i heimeteneste, sjukeheim eller sjukehus er ein føresetnad
  • Tidlegare erfaring frå arbeid med sensorteknologi er ein føremon
  • Svært gode ferdigheiter i både skriftleg og munnleg norsk og engelsk er eit krav
  • Søkjarar som oppfyller krava til stillinga vil verte rangert etter styrke innanfor sine respektive felt i forhold til relevansen av deira kompetanse mot SEFAS sine noverande behov, strategiske mål og prioriterte område for framtidig utvikling
  • Personlege eigenskapar som vil verte vektlagd i vurderinga av søkjarane er mellom anna evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert, samarbeide med andre, motivasjon, ansvarskjensle, arbeidsevne og entusiasme for forsking
  • I rangeringa av kandidatar vil det verte lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som stillinga krev

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Den tilsette kan bli pålagt pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Sjå forskrift om tilsetjingsvilkår for postdoktor, stipendiat mv.

Vi tilbyr:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn for tida kr 615 700 (kode 1352, lønssteg 63) i lønsregulativet i staten. For søkjarar med medisinsk/odontologisk embetseksamen er løn for tida kr 624 500 (kode 1352, lønssteg 64). For søkjarar med spesialistutdanning er løn for tida kr 646 000 (kode 1352, lønssteg 66)
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga 
  • Karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på innlevert avhandling
  • Relevante attestar
  • Publikasjonsliste
  • Vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (i PDF-format)
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Universitetet i Bergen er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknader til stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda til å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å stå på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS