LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor (100%) 3 år ved Klinisk institutt 2

Søknadsfrist: 14.04.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Postdoktor (100 %) 3 år ved Klinisk institutt 2

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling 

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei stilling som postdoktor (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet ” TRUST-AI4D: Tillitna AI-modeller til å forutsi sykdomsprogresjon og komplikasjoner ved diabetes”, finansiert av Trond Mohn Forskningsstiftelse. Prosjektet er eit samarbeid med Institutt for matematikk og bioinformatikk ved UiB.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Diabetes er ein betydeleg helsebyrde. Sjukdommen kan utvikle seg og progrediere på forskjellige måtar hos ulike pasientar, noko som utfordrar både forståinga vår av den underliggjande patofysiologien og den kliniske planlegginga vår av behandlingar.
  • Nyare utvikling innan utrekningsbiologi, maskinlæring og kunstig intelligens gjer det mogleg å finne ut meir om desse ulike sjukdomsforløpa ut frå multiomics-data. Dette målet vil hjelpe oss med å forstå og potensielt behandle diabetesutvikling som tek omsyn til individuelle variasjonar, noko som er i tråd med filosofien om datadrevet presisjonsmedisin. Men for å kunne nytte dette på ein ansvarleg og robust måte må prosessen med å lære og klassifisere diabetesutvikling vere transparent: Det er ikkje tilstrekkeleg med ein "svart boks" av kunstig intelligens som foreslår avgjerdar utan klare grunngjevingar.
  • Dette prosjektet går ut på å utvikle og nytte metodar for å utleie sjukdomsutvikling i store tilstandsrom med biologiske data i stor skala, slik at ein på ein transparent måte kan lære korleis diabetes utviklar seg hos og mellom pasientar. Det er eit spesielt fokus på "hyperkubisk inferens" for akkumuleringsprosessar - det vil sei å lære dynamikken i prosessar som utviklar seg på ein overgangsgraf som har ein bestemd struktur.
  • Døme på referansar:
    • doi.org/10.1016/j.cels.2019.10.009 (hyperkubisk inferens)
    • doi.org/10.1007/s13218-023-00822-9 (akkumuleringsmodeller for sjukdomsprogresjon)
    • doi.org/10.1038/s41746-019-0140-y (denne tilnærminga nytta på alvorleg malariautvikling)

Prosjektet er tverrfagleg, med innslag av utrekningsbiologi, biostatistikk og maskinlæring. Stillinga er ein del av eit mangfaldig team, inkludert fleire medlemmer ved Matematisk institutt som arbeidar med desse hyperkubiske inferensmetodene, og fleire medlemmer innan klinisk forsking som arbeidar med kliniske data. Det vert gjeve opplæring i disse metodane, og søkjaren bør ha erfaring med statistisk/matematisk modellering og utrekningsbiologi.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innan forstatistikk, anvend matematikk, bioinformatikk, informatikk eller eit nærskyld kvantitativt fagområde, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje, og seinast innan 5 månader etter søknadsfrist
  • det krevjast erfaring med statistisk modellering og R
  • erfaring frå arbeid med store biologiske "omics"-data, arbeid med akkumuleringsmodellar og arbeid i C/C++ og Python er ein fordel
  • erfaring med rådgjeving, undervisning og søknadsskriving er ein fordel
  • erfaring frå diabetesforskning er ein fordel
  • arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • det krevjast ferdigheiter i både skriftleg og munnleg engelsk
  • personlege og relasjonelle eigenskapar vert vektlagt

Forskningserfaring, ambisjonar og potensial vil òg telja med i vurderinga av kandidatane.

Vi støtter lagspelarar til å nå sitt beste potensial og gjev høve til å utvikle dei faglege ferdigheitene dine i eit mangfaldig operativt miljø. Som ein del av samarbeidet med matematisk institutt strevar vi etter å gje støtte innan både klinisk og bioinformatikkvitskap.

Bergen har ein vakker plassering ved kysten med lett tilgang til natur, inkludert skog, fjord og høgfjell.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som vert tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Ved postdoktorstilling knytt til eksternt finansierte prosjekter, vil fullføring av planen for kvalifikasjonsarbeidet skje i dialog med prosjektleiar/senterleiar. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn for tida kr 615 700 (kode 1352, lønssteg 63) i lønsregulativet i staten. For søkjarar med medisinsk/odontologisk embetseksamen er løn for tida kr 624 500 (kode 1352, lønssteg 64). For søkjarar med spesialistutdanning er løn for tida kr 646 000 (kode 1352, lønssteg 66)
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar), samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar
  • Vitskaplege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeldt ved handsaming av søknader til stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å stå på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS