LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

1 postdoktorstilling ved Det juridiske fakultet (3 eller 4 år)

Søknadsfrist: 01.08.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det juridiske fakultet - Les meir om fakultet her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Det juridiske fakultet er det ledig ei stilling som postdoktor knytt til prosjektet «Liv og arbeid i balanse: Rettslige svar på et arbeidsliv i endring og i krisetider» (LaW-BALANCE).

Prosjektet knyter seg til rettsområda arbeids-, trygde- og diskrimineringsrett, og til koplinga mellom EU/EØS-rett og norsk rett. Det er ikkje eit krav at den som blir tilsett har erfaring med forsking på området frå tidlegare.

Stillinga er for ein periode på tre år, som kan bli forlenga til fire år dersom den som vert tilsett også er kvalifisert til å undervise på dei obligatoriske emna på fakultetet sitt masterprogram. Tiltreding 15. september eller seinare etter avtale.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha oppnådd norsk ph.d.-grad i rettsvitskap eller tilsvarande utanlandsk utdanning, eller ha levert ph.d.-avhandlinga di til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er godkjend/oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Du må ha interesse for arbeidsrett, trygderett, diskrimineringsrett og/eller EU/EØS-rett. Kunnskap om desse rettsområda er ein fordel, men ikkje eit krav.
  • Du må ha eit høgt fagleg nivå i rettsvitskap, demonstrert gjennom vitskapelege publikasjonar og andre faglege bidrag.
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha evne til å samarbeide med andre.
  • Du må ha gode kunnskapar i både engelsk og norsk (eller eit anna skandinavisk språk), så vel munnleg som skriftleg.

For stillinga gjeldt følgande:

Arbeidsoppgåver

Som postdoktor tilknytt LaW-BALANCE skal du:

  • Utføre sjølvstendig vitskapleg arbeid innanfor rammene av LaW-BALANCE-prosjektet som skal leie til minst tre vitskaplege publikasjonar.
  • Bidra til å formidle prosjektresultata og kunnskap om prosjektet på relevante arenaar.
  • Delta på og vere med på å organisere aktivitetar i prosjektet, i tett samarbeid med dei andre prosjektmedlemane.
  • Delta aktivt som medlem av Forskargruppa i europarett og/eller Forskargruppa i velferdsrett, og vere med på å byggje opp eit godt fagmiljø ved fakultetet.

LaW-BALANCE-prosjektet

LaW-BALANCE har som mål å gje ei betre forståing av det rettslege rammeverket for eit arbeidsliv i omstilling og å utvikle kunnskap om korleis jussen kan fungere som eit verkemiddel for å oppnå eit inkluderande arbeidsliv og ein velfungerande velferdsstat. Prosjektet er finansiert av Noregs forskingsråd.

LaW-BALANCE tek utgangspunkt i omgrepet "arbeid-liv-balanse", forstått som ein person si evaluering av kor nøgd ein er med tilhøvet mellom arbeid og privatliv. Prosjektet set særleg søkjelys på fleksible arbeids(tids)ordningar og tilgjenge til betalt permisjon. Prosjektet vil også sjå på vernet mot diskriminering ved krav om og handheving av desse rettane, og på innverknaden frå EU- og EØS-retten på norsk rett på området.

Prosjektet vil samarbeide med Maastricht University (Nederland), så vel som UiBs nyoppretta Senter for EU- og EØS-rett. For meir informasjon sjå her eller kontakt prosjektleiar Melanie.Hack@uib.no.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø ved fakultetet, med særs gode moglegheiter for kompetanseutvikling.
  • Opning for å søkje stipend for å gjennomføre forskingsopphald ved institusjonar utanlands som ein del av stillinga.
  • Løn etter lønssteg 72 (kode 1352) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr. 689 100 brutto. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby sine tilsette.

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om forskingsinteressene dine og motivasjonen for å søkje stillinga, og korleis dette samsvarer med prosjektmåla i LaW-BALANCE prosjektet.
  • Prosjektomtale (2-3 sider med kort beskriving av postdoktorprosjektet sitt overordna tema, mål, teori og metode).
  • Kopiar av karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting av at doktorgradsavhandlinga er levert.
  • CV (fyllast ut i søknadsportalen).
  • Fullstendig liste over vitskapleg arbeid (publikasjonsliste).
  • Full versjon av doktoravhandlinga og inntil 5 andre publikasjonar i pdf-format. Publikasjonane må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, med mindre anna er avtalt. Søkjar kan velje å inkludere upubliserte manuskript.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør fortrinnsvis vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må òg leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemåla, karakterutskriftene og tilleggsdokumentasjonen ikkje er på eit av desse språka.

Søkjarar med anna morsmål enn norsk (eller eit anna skandinavisk språk) må òg leggje ved attest eller anna relevant dokumentasjon som viser at dei har språkkunnskapen som krevjast for stillinga.

Søknaden og prosjektomtalen kan skrivast på engelsk, norsk eller eit anna skandinavisk språk. All relevant dokumentasjon skal leggjast ved søknaden, og søknaden skal vere komplett innan fristen. Søknad og vedlegg må lastast opp i JobbNorge via lenkje på denne sida merka «Søk stillingen».

Søknaden skal vere komplett innan søknadsfristen. Søknader som ikkje inkluderer alle obligatoriske vedlegg vil ikkje bli vurdert.

Generell informasjon:

Vurderinga vil leggje vekt på kvaliteten på prosjektomtalen og relevansen for Law-BALANCE-prosjektet. Vurderinga vil òg leggje vekt på søkjaren sine faglege og personlege føresetnadar for å gjennomføre postdoktorprosjektet og bidra til fagmiljøet ved fakultetet. Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju.

Nærare informasjon om tilsettingsprosessen ved Universitetet i Bergen her.

  • Utfyllande opplysningar om stillinga og prosjektet kan ein få ved å vende seg til: Prosjektleiar Melanie Hack (e-post Melanie.Hack@uib.no, tel. + 47 55589679).
  • Utfyllande informasjon om rekrutteringsprosessen og tilsettingsvilkår kan ein få ved å vende seg til HR ved fakultetet (e-post hrjur@uib.no).

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS