LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d.-stipendiat i brukarorientert klimaprediksjon

Søknadsfrist: 31.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i klimaprediksjon. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til Senter for Forskningsbasert Innovasjon, Climate Futures.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Stillinga vil vere ein del av Senter for Forskningsbasert Innovasjon – Climate Futures finansiert av Noregs Forskingsråd. Climate Futures er eit nytt og ambisiøst senter satt opp for å generere langsiktig samarbeid mellom bedrifter, offentlege organisasjonar og forskingsgruppe på tvers av sektorar og fagområda for å hjelpe til med å handtere klimarisiko. Stillinga er også knytt til Bjerknes klimavarslingsprogram (http://bcpu.w.uib.no/) som har fokus på å utvikle betre klimaprediksjonar for Atlanterhavet og Arktis, på tidsskalaer frå under ein sesong til eit eller fleire tiår. Stipendiaten vil ha høve til å engasjere seg med samarbeidspartnarar frå næringsliv innanfor Climate Futures.

Det er gjort store framsteg i klimaprediksjon det siste tiåret. Likevel viser prediksjonsmodellar framleis store feil og undervurderer prediksjonsevna i mange regionar. Spesielt problematisk er det at predikerbar dynamikk i det nordatlantiske området blir undervurdert med ein hel storleiksorden - dette har ofte blitt referert til som signal-til-støy paradokset. Stillinga vil fokusere på å betre karakterisere disse signal-til-støy feilane på ulike tidsskalaer, regionar og samfunnsrelevante parameter. Årsakene til disse feilane og metoder for å redusere dem vil også bli undersøkt. Arbeidet vil innebere omfattande analyse av modelldata og bruk av moderne statistiske metodar.

Kandidaten skal jobbe i eit stort internasjonalt arbeidsmiljø som ein del av Bjerknessenteret (BCCR) og Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen. BCCR er Nordens største klimaforsking senter og blant de ledande sentera i Europa med rundt 200 forskarar frå 37 land. I Climate Futures er det ca. 15 forskarar i Bergen. Som doktorgradskandidat vil kandidaten også vere ein del av den nasjonale forskarskolen for klima i endring i det kopla jord systemet (CHESS) som tilbyr et bredt utval av doktorgradskurs, samt Early Career Forum ved Climate Futures.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i statistikk, atmosfæriske vitskap, anvendt matematikk eller andre relaterte fagområde. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 08.08.2022. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Dokumentert kunnskap innanfor eit eller fleire av fag: meteorologi, klimatologi, maskinlæring, eller tradisjonelle statistiske metodar, er eit krav.
  • Erfaring og dokumentert kunnskap innan vitskapeleg programmering ved bruk av Python, R, Matlab, Julia, C/C++ eller liknande er eit krav.
  • Erfaring med meteorologisk eller klimatologisk dataanalyse er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Climate Futures involverer fleire norske samarbeidspartnerar frå næringsliv og gode norskkunnskapar vil være ein føremon.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 501 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 08.08.2022.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Noel Keenlyside, Geofysisk Instittut, noel.keenlyside@uib.no, eller
  • Dr. Erik Kolstad, NORCE/leder av Climate Futures, ekol@norceresearch.no, som skal begge rettleiar stipendiaten

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS